Hopp til innhald

Det tyrkiske rådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Türk Şurası
Türk Keneşi
Түрік кеңесі
Түрк кеңеш

Flagg
Skipa3. oktober 2009
HovudkontorFatih
MedlemmerAserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tyrkia[1]
MottoBiz Birlikdə Daha Güclüyük!, Біз Бірге Мықтымыз!, Биз Бирге Дагы Күчтүүбүз!, Biz Birlikte Daha Güçlüyüz!, Biz Birgalikda Kuchliroqmiz!, Biz Bilelikde Has Güýçli!, Erősebbek Vagyunk Együtt!, Together We Are Stronger!
Nettstadhttps://turkicstates.org Sjå dette på Wikidata

Det tyrkiske rådet eller Samarbeidsrådet for tyrkisk-talande statar (tyrkisk Türk Dili Konuşan Ülkeler İşbirliği Konseyi) er ein internasjonal organisasjon for tyrkiske land. Han blei skipa 3. oktober 2009 i byen Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Generalsekretariatet ligg i Istanbul i Tyrkia.

██ Medlemmer██ Moglege medlemmer

Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan og Tyrkia er medlemmer i organisasjonen. To andre tyrkiske statar, Turkmenistan og Usbekistan, er ikkje medlemmer av rådet på grunn av sin nøytralitet, men er moglege medlemmer i framtida.[2]

Det tyrkiske rådet har som mål å byggja på den felles kulturarva og identiteten til folka i medlemslanda sine. Moglege samarbeidsområde femner vidt, og omfattar mellom anna utdanning, vitskap, transport, toll, økonomi og turisme. Fred og stabilitet i regionen er eit anna mål med samarbeidet.

  1. «TURKSOY Official Web Site». Turkkon.org. Henta 7. juli 2013. 
  2. «Turk Dili Konusan Ulkeler Isbirligi Konseyi'nin Kurulmasina Dair Nahcivan Anlasmasi» (PDF). Turkkon.org. Henta 5. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]