Hopp til innhald

Damian Kallabis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damian Kallabis
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. juni 1973 (51 år)
Gliwice
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2000

Damian Kallabis (fødd 10. juni 1973) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Gliwice i Polen. Han vart europameister 1998 i 3 000 meter hinder.

Kallabis overraska stort då han på tida 8.13,1 vann 3 000 meter hinder under EM i friidrett 1998 i Budapest. Seinare i 1998 sigra han i hinderløpet ved verdscupfinalen. Han og trenaren hans, Stéphane Franke, var same sesongen under mistanke om doping i samband med inntak av blodfortynnande væske. 11. august 1999 i Zürich sette Kallabis tysk rekord i 3 000 meter hinder med tida 8.09,48. Like etter la han beslag på fjerdeplassen i øvinga ved verdsmeisterskapen i Sevilla. Han fall i OL-finalen 2000 og vart nummer 15.

Kallabis vart tysk meister på 3000 meter hinder i 1998 og 2000. Åra 1999, 2000 og 2002 vart han andremann i øvinga under europacup-finalen for landslag.

I 2004 la han opp.