DS «Kovda»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Kovda» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted i Bergen |
Verftsnummer: | 206 |
Sjøsett: | 27. november 1924[1] |
Jomfrutur: | desember 1924 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LDSR |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 1 687 brt, 987 nrt |
Daudvekt: | 2 415 tdw. |
Lengd: | 250,3 fot (76,3 m) |
Breidd: | 39,1 fot (11,9 m) |
Djupgang: | 16,1 fot (4,9 m) |
Installert effekt : | NHK 163 IHK 800 |
Framdrift: | Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV) |
Fart: | 10 knop |
Karriere | Sovjetunionen |
Namn: | DS «Kovda» |
Eigar: | Sovtorgflot |
Verftsnummer: | 206 |
Overtatt: | mars 1928 |
Heimehamn: | Vladivostok |
Lagnad: | ukjend |
DS «Kovda» (kallesignal LDSR) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det norsk-russiske Dampskibsselskab. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar i dette selskapet, men eigde og drifta skipet.
Skipet er kalla opp etter elva Kovda på Kolahalvøya.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og vart levert i desember 1924.[2] 27. november 1924 vart skipet sjøsett utan noko høgtidleg seremoni.[1] Den første prøveturen vart utført 20. desember 1924.[3] Den første turen til «Kovda» gjekk til Hamburg, der det ankom 28. desember 1924, og vidare for turen til Middelhavet. Skipet skulle inn i trelastfarta til Kvitsjøen, men måtte vente til istilhøva var betre utpå våren 1925. Når det ikkje var i Russlandsfarta var skipet i trampfart. I mai 1925 var skipet første gongen i Arkhangelsk og lasta for London.
I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i reiarlaget vart fordelt ved loddtrekning mellom BDS og den sovjetiske handelsflåten kalla Sovtorgflot. Skipet fekk ny registreringshamn i Vladivostok. Den vidare lagnaden til skipet er ikkje kjend, og i 1960 var skipet utgått av registeret til Lloyds.
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 1 687 brt, 987 nrt og lasteevna var 2 415 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 348 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 800 iHk (indikerte hestekrefter) og 163 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[4]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 ««Kovda» av stabelen». Bergen: Bergens Tidende. 27. november 1924. s. 7. Henta 1. juni 2020.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 45. Henta 1. juni 2020.
- ↑ «Bergenske utvider sin rute paa Nederlandene». Bergen: Bergens Tidende. 12. desember 1924. s. 4. Henta 1. juni 2020.
- ↑ «D/S Kovda». Sjøhistorie.no. Henta 1. juni 2020.
- Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skibsefterretninger».