Charles Wheatstone
Charles Wheatstone | |||
Wheatstone, teikna av Samuel Laurence i 1868 | |||
Fødd | 6. februar 1802 Gloucester i England | ||
---|---|---|---|
Død | 19. oktober 1875 (73 år) Paris i Frankrike | ||
Bustad | Storbritannia | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | kryptograf, matematikar, fysikar, oppfinnar, musikkinstrumentmaker, fotograf | ||
Institusjonar | King’s College London | ||
Kjend for | Wheatstones bru, Playfair-chiffer, tidlege medverkander til spektroskopi og telegrafi | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Det bayerske vitskapsakademiet Det franske vitskapsakademiet Institution of Civil Engineers Accademia delle Scienze di Torino |
Sir Charles Wheatstone (6. februar 1802–19. oktober 1875) var ein britisk fysikar.
Han vart professor ved King's College i London i 1834. Han utførte målingar av tidsforløpet av elektriske utladingar ved hjelp av roterande spegel, og gjorde fleire tekniske oppfinningar. Mest kjend er Wheatstones bru for måling av elektrisk resistans. Han konstruerte òg ein maskin for kryptografi, eit stereoskop, elektriske registreringsapparat for meteorologiske instrument og concertinaen, ein type trekkspel. Saman med W. F. Cooke tok han i 1837 ut patent for elektrisk telegraf og konstruerte 1858 ein hurtigtelegraf med holband. Wheatstone reknast som den praktiske grunnleggjaren av moderne telegrafi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Charles_Wheatstone» i Store norske leksikon, snl.no.