Carl Axel Magnus Lindman
Carl Axel Magnus Lindman | |||
| |||
Fødd | 6. april 1856 Halmstad | ||
---|---|---|---|
Død | 21. juni 1928 Adolf Fredriks församling | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | botanikk | ||
Yrke | botanisk illustratør, karsporeplanteekspert, botanikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Uppsala universitet Naturhistoriska riksmuseet | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien |
Carl Axel Magnus Lindman (6. april 1851–1928) var ein svensk botanikar.
C.A.M. Lindman tok studenteksamen i 1874 og studerte botanikk og zoologi ved Uppsala universitet. Her vart han dosent i 1884 og tok doktorgrad i 1886. Han vart intendent og professor på den botaniske avdelinga på det svenske Riksmuseet.
Lindman utgav 1901-1905 Bilder ur Nordens flora. Verket bygde på dei gamle koparplatene Johan Wilhelm Palmstruch lagde til Svensk Botanik. Til andre utgåve (1917) gjorde Lindman sjølv 144 nye bilete.
Etter forskingsreiser i Sør-Amerika utgav Lindman Vegetationen i Rio Grande do Sul (1900). Han utgav òg ein Lärobok i botanik (1904) og Svensk fanerogamflora (1918). Han fann mange ubeskrivne planteartar og forfatta ei mengd vitskaplege artiklar.
Bilder ur Nordens flora vart utgjeven som ei nyutgåva av Magnus Fries på Wahlström & Widstrands bokförlag 1977-1978.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carl Axel Magnus Lindman» frå Wikipedia på svensk, den 14. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Carl Axel Magnus Lindman, Naturhistoriska riksmuséet
- Illustrationer av C. A. M. Lindman, Naturhistoriska riksmuséet
- Lindman, Karl (Carl) Axel Magnus, Nordisk familjebok, 1912
- Lindman, Karl (Carl) A. M., Nordisk familjebok, 1925
- C. A. M. Lindman: Vi och våra blommor, bokmelding 1913 i bladet Ord och bild