Camilla Collett
Camilla Collett | |
Måleri av Camilla Collett frå 1839. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. januar 1813 Kristiansand kommune |
Død |
6. mars 1895 (82 år) |
Yrke | essayist, kvinnesaksforkjemper |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Nicolai Wergeland |
Mor | Alette Dorothea Wergeland |
Ektefelle | Peter Jonas Collett |
Born | Robert Collett, Alf Collett |
Camilla Collett på Commons |
Camilla Collett (fødd Wergeland, 23. januar 1813–6. mars 1895) var ein norsk forfattar og kvinnesakskjempar. Ho var dotter til Nicolai Wergeland og syster til Henrik Wergeland.
Ho er spesielt kjend for gjennombrotsboka Amtmandens Døttre som kom ut i to delar i 1854 og 1855. Dette var den første realistiske tendensroman i norsk litteratur. Dette vart òg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men den vart snart allment kjend som hennar verk. Ho har òg skrive forteljingar, essay, litteraturkritikk, reiseskildringar, brev, dagbøker og ein sjølvbiografi.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Jakobine Camilla Wergeland var fødd i Kristiansand,[2] med foreldra Alethe Dorthea Thaulow og kapellan Nicolay Wergeland,[3] men voks opp på Eidsvoll, der faren var prest. Minneboka hennar I de lange Nætter skildrar livet i prestegarden, med levande portrett mellom anna av foreldra hennar og broren Henrik Wergeland.
Camilla fekk opplæring i lag med brørne sine når dei hadde huslærar i prestegarden. Då ho var tretten år, begynte ho på Jomfru Pharos pikeskole i Christiania, og dei neste to åra fekk ho gå på ein av dei fremste jenteskulane i Norden, i den tyskspråklege delen av Danmark. Denne skulen var dreven av herrnhutarane i den såkalla «Brødremenigheden». Det ho her lærte om likskap mellom menneske sette preg på henne for livet.[4]
I ettertida er Collett kjend for avstandsforholdet mellom henne og Johan Sebastian Welhaven, som var svært problematisk fordi han var ein motstandar av Henrik Wergeland, som ho stod nær. Sjølv stod ho på Welhaven si side i denne striden. Ho vart først forelska i han i 1830, og gav opp forholdet seks år seinare.[5]
Camilla vart gift med politikaren, litteraturkritikaren, juristen og professoren Peter Jonas Collett i 1841, etter å ha trulova seg hemmeleg i 1839. Dei slo seg ned nær Slottet i Kristiania. Paret fekk fire søner, Robert, Alf, Oscar og Emil, i løpet av kort tid. Samstundes skreiv Camilla, saman med Jonas, for avisa Den Constitutionelle.[1]
Jonas Collett døydde i 1851. Camilla sat att med ein beskjeden enkepensjon og fire småbarn. Ho gjorde forfattaryrket til sitt levebrød, først anonymt, seinare under eige namn. Ho måtte selje huset og greidde aldri å skape ein ny heim. Gutane voks stort sett opp hjå slektningar, men kunne også bu med mora ved nokre høve.[1] Camilla Collett hadde ei omflakkande tilversle resten av livet, med ulike husvære i København, Stockholm, Paris, Roma, Berlin og München, i tillegg til Kristiania og Modum Bad.[6][1] Ho sleit med økonomiske problem resten av livet, og ho vart kritisert for at ho prioriterte skrivinga framfor sønene sine.[5]
Camilla Collett blei gjeven ein omdiskutert halv diktargasje av Stortinget i 1876.[1]
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Camilla Collett byrja å skriva som tenåring. Dei første tekstane ho skreiv, Optegnelser fra ungdomsaarene, var dagboksnotat og brev, og vart ikkje utgitt før i 1926, lenge etter at ho var død. Etter at ho vart gift med Peter Jonas Collett, samarbeidde dei om å skrive artiklar og essay som vart trykte under namnet hans. Det første teksten ho var aleine om å skrive, var essayet Strikketøisbetragtninger som vart publisert anonymt i 1842. Først i 1873 gav Collett ut eit verk under eige namn, Sidste Blade 4de og 5te Række.[7]
I 1854 gav Collett ut romanen Amtmandens Døttre, ei soge om kjærleiken mellom den unge Sophie og huslæraren Georg Cold, og om kvinners rett til å sjølv velje korleis dei skulle leve og kven dei skulle gifte seg med. Også denne romanen publiserte ho anonymt, men det var ikkje meir løynd kven forfattaren var enn at romanen sikra Camilla Collett ein plass i den norske litteraturhistoria.
I 1860 gav ho ut Fortællinger, inspirert av norske folkeeventyr. Saman med ektemannen hadda ho tidlegare støtta eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen i arbeidet hans. Eventyrbidraga hennar fekk lite nedslag i den samtidige nasjonalromantikken.[1]
Camilla Collett har òg ein stor essayistisk forfattarskap. Etter 1868 skreiv ho berre essay, der ho kritiserte samfunnet og kulturen i samtida. Ho gjekk særleg ut mot dei kulturelle krava til kvinner om eit «ubeskjeftiget liv, fullt av tomme gleder», og likna kvinnerolla med ei «varetægtcelle».[6]
Etter at ho var død er det kome fram ei mengd med brev og dagbøker etter henne. Dei er eineståande kjelder til å kaste ljos over livet hennar og samtida.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Camilla Collett var den første store, kvinnelege forfattaren i norsk litteratur. Diktarar som Jonas Lie, Alexander Kielland og Henrik Ibsen har vedkjent seg si gjeld til Collett og hennar forfattarskap.[treng kjelde] Ho viste veg for seinare kvinnelege forfattarar, som Amalie Skram og Sigrid Undset. Collett fengslar stadig norske lesarar, både gjennom lagnaden, skrivekunsten og det uslitelege engasjementen. Lyrikaren Åse Marie Nesse har skildra livsskjebnen hennar i eit tankevekkande dikt: «Camilla Collett», inspirert av Gustav Vigelands uttrykksfulle statue som er plassert bak Slottet i Oslo. Diktet byrjar med orda «Du frys i dine Sjal, Camilla Collett.» (Jf. samlinga Til ord skal du bli.)
Som ei tidleg røyst i norsk kvinnesak blei ho utnemnd til æresmedlem då Norsk Kvindesagsforening blei stifta i 1884.[5]
Heideren Collett fekk kom også i eit moderne uttrykk da biletet av henne blei prega på portrettsida av den norske 100-kronesetelen frå 1979-1997. I 1963 var biletet av henne prega på eit norsk frimerke. Litteraturforskarane Ellisiv Steen og Torild Steinfeldt er blant dei som har skrive viktige bøker om Camilla Collett.
Huset der Camilla Collett budde som gift, låg attom slottet i Kristiania. Gustav Vigeland sitt monument over diktaren og kvinnesakspioneren i heilfigur har fått plass i Slottsparken, vend mot Parkveien.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Amtmandens Døttre (roman) 1854–55, omarb. utg. 1860 og 1879
- Fortællinger (kortprosa) 1860
- I de lange Nætter (dagbok) 1860
- Sidste Blade I–III (artiklar) 1868–73
- Fra de Stummes Leir (artiklar) 1877
- Mod Strømmen I–II (artiklar) 1879–85
- Skrifter I–X (samla verk) 1892–93
- Dagbøker og breve (med Peter Jonas Collett) 1926–34
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Camilla Collett», Norsk biografisk leksikon (Store norske leksikon). Henta 23.11.2011.
- ↑ Kyrkjebok konfirmerte Eidsvoll 1826-1839
- ↑ Kristiansand, Ministerialbok nr. A 3 (1778-1818), Fødte og døpte 1813, side 676-677.
- ↑ Kristin Ørjasæter, Camilla Collett (1813–95) – kvinnesakspionér, wergeland2008.no
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Stemmerettsjubileet
- ↑ 6,0 6,1 Øystein Rottem, Litteraturhistorie, VK1 & VK2, Cappelen, 1993.
- ↑ Stemmerettsjubileet: Camilla Collet - en digital fortelling