Calf of Eday
Utsjånad
Calf of Eday | |
---|---|
Grey Head, nordenden av Calf of Eday. Ein kan sjå sjøgrottene og byrjinga på ein boge i klippene | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°14′N 2°44′W / 59.23°N 02.73°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 2,43 km²
|
Høgaste punkt | The Graand (54 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Calf of Eday (norrønt Kalfr[1], «kalven») er ei øy i Orknøyane i Skottland, nordaust for Eday.
«Kalven» er eit namn som stundom vert gjeve til ei lita øy som ligg ved sidan av ei større øy.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 1600- til 1800-talet låg det eit saltkokeri på øya,[2] som ein framleis kan sjå restane etter.[3]
Det ligg tre store gravhaugar, restar av førhistoriske hus og eit fyr på øya.
Dyre- og planteliv
[endre | endre wikiteksten]Lyngheiene dominerer vegetasjonen på øya. 32 forskjellige fugleartar hekkar på Calf of Eday og ho har på grunn av dette fått status som Special Protection Area (SPA, særskild verneområde). Måse og skarv hekkar i den tørre røsslyngen, medan havhest (Havhestus glacialis), krykkje (Rissa tridactyla) og alke hekkar i klippene.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Calf of Eday» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Irvine, James M. (red.) (2006) The Orkneys and Schetland in Blaeu's Atlas Novus of 1654. Ashtead. James M. Irvine. ISBN 0-9544571-2-9
- Noble, Gordon (2006) Neolithic Scotland: Timber, Stone, Earth and Fire. Edinburgh University Press. ISBN 0-7486-2338-8
- Waugh, Doreen, "On eið-names in Orkney and other North Atlantic islands" in Sheehan, John and Ó Corráin, Donnchadh (2010) The Viking Age: Ireland and the West. Proceedings of the Fifteenth Viking Congress. Dublin. Four Courts Press. ISBN 978-1-84682-101-1
- ↑ Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9
- ↑ Stewart, Walter (mid-1640s) "New Choreographic Description of the Orkneys" in Irvine (2006) s. 24
- ↑ Ordnance Survey: Landranger map sheet 5 Orkney (Northern Isles) (Map). Ordnance Survey. 2008. ISBN 9780319228111.
- ↑ «Calf of Eday SPA Description». Joint Nature Conservation Committee. Arkivert frå originalen 23. februar 2006. Henta 7. mars 2010.