Hopp til innhald

Provinsen Buenos Aires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buenos Aires-provinsen)
Provinsen Buenos Aires
Provincia de Buenos Aires
provins
Flagg
Symbol
Land  Argentina
Hovudstad La Plata
Areal 307 571 km²
Folketal 17 523 996 (2022)[1][2]
Kart
Provinsen Buenos Aires
37°S 60°W / 37°S 60°W / -37; -60
Wikimedia Commons: Buenos Aires Province

Provinsen Buenos Aires (Provincia de Buenos Aires) ligg aust i Argentina, midt i den fruktbare pampassletta. Provinsen er den mest folkerike og største i areal, med meir enn ein tredel av folkesetnaden i Argentina. Hovudstaden Buenos Aires ligg ved Río de la Plata, men inngår ikkje i provinsen. La Plata, som ligg innanfor storbyområdet Buenos Aires, er hovudstaden i provinsen.

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Provinsen grensar til Santa Fe og Entre Ríos i nord, Uruguay i aust, Atlanterhavet i søraust, Río Negro i sør, La Pampa i vest og Córdoba i nordvest. Landskapet består hovudsakleg av pampas, med unntak av den sørlegaste biten, som blir rekna til Patagonia. Sierra de la Ventana og Sierra de Tandil er dei mest markante fjellkjedene med høgder på høvesvis opptil 1100 og 600 meter over havnivå.

Klimaet er temperert og oseanisk med varme somrar, milde vintrar og høg luftfukt og dessutan jamn nedbør gjennom året, men det blir tørrare mot vest og sørvest.

Befolkning og byar

[endre | endre wikiteksten]

Omtrent ein tredel av folkesetnaden i landet bur i provinsen, hovudsakleg i storbyområdet rundt Buenos Aires. Den største byen i provinsen er La Plata med 768 470 innbyggjarar. I forstadene til Buenos Aires er Vicente López, Merlo og Quilmes store byar, medan Bahía Blanca, Pilar, San Nicolás de los Arroyos, Tandil og Zárate er viktige byar i innlandet.

Provinsen Buenos Aires er delt inn i 135 administrative partidos. La Matanza er den mest folkerike med 1,8 millionar innbyggjarar.[3]

Fleirtalet av folkesetnaden har europeisk opphav, hovudsakleg spansk, italiensk og britisk, med enkelte urfolk i sør, spesielt mestiserte etterkommarar av tehuelche-folket.

Området vart først utforska av europearar i 1516 av Juan Díaz de Solís, men etablering av varige busetjingar mislykkast. Først i 1580 grunnla Juan de Garay Buenos Aires, og rundt byen oppstod små samfunn og estancias. Provinsen vart sjølvstendig territorialt først 2. februar 1820 og omfatta tidlegare område som Patagonias sørlege delar og Andesfjella.

På 1800-talet oppnådde Buenos Aires ei dominerande stilling, og under guvernør Juan Manuel de Rosas (1829–1852) fekk provinsen eit de facto sjølvstende inntil han vart styrta i slaget ved Monte Caseros. Buenos Aires nekta å delta i konstitusjonsforhandlingane i 1853, trekte seg mellombels frå Argentina som «Estado de Buenos Aires», men returnerte i 1861. I 1880 starta regjeringa ei erobring av mapuche- og tehuelche-område i sør, og Buenos Aires by vart den argentinske hovudstaden.

Store delar av provinsen blir brukt til jordbruk og husdyrhald, og fleire byar har agroindustri. Rundt byane finst også ein mangfaldig industri, med t.d. bilproduksjon i General Pacheco, kjemisk industri i Bahía Blanca og stålindustri i Campana. Omtrent 60 % av industrien i landet er konsentrert her. Turisme er også viktig, særleg langs Atlanterhavskysten med badebyane Mar del Plata, Necochea, Miramar, Villa Gesell og Pinamar. Ved Río de la Plata finn ein ferieområda San Clemente del Tuyú, Santa Teresita og Mar de Ajó.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Buenos Aires