Hopp til innhald

Brukar:SimonD90s/Thomas Mathiesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Mathiesen
Thomas Mathiesen i 1965
Fødd (1933-10-05) 5. oktober 1933
Død 29. mai 2021 (2021-05-29) (alder 87)  

Thomas Mathiesen (fødd 5. oktober 1933, død 29. mai 2021[1]) var ein norsk sosiolog. Han vart professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo 1972 til 2003, emeritus 2004.

Mathiesen er mest kjend for arbeid innan rettssosiologi og kriminologi, og han var internasjonalt anerkjend som ein innverknadsrik forskar på desse fagfelta.[2] Han var òg i mange år ein hyppig samfunnsdebattant.

Mathiesen studerte sosiologi i Wisconsin, USA 1953-1955.[3][4] Han tok doktorgrad i 1965, på avhandlinga The Defences of the Weak: A Sociological Study of a Norwegian Correctional Institution. Mathiesens doktoravhandling vart i 2011 kåra av Norsk sosiologforeining, på lista Norsk sosiologisk kanon, som ein av dei 25 viktigaste tekstane for sosiologifaget i Noregs historie.[5] Mathiesen vart i tiåra etter 1965, ved sida av kriminolog Nils Christie, rekna som ein av dei fremste representantane bak retninga innan kriminalpolitikk som ønskjer å avskaffa straff som verkemiddel.[4]

Frå 1980-åra vart Mathiesen engasjert i spørsmål som handla om massemedium og innverknaden deira på samfunnet.[1][6] Han gjorde òg omfattande forsking om moderne informasjonsteknologi og overvakingssystem. Under 1990-talet var han svært aktiv som kritikar av Schengenavtalen.[7]

Mathiesen skreiv meir enn 30 bøker om rettspolitiske spørsmål, mellom anna Det uferdige (1971), Makt og medier (1986), Kan fengsel forsvares? (1987) og Silently Silenced (2004).[8] Hans skreiv på norsk (bokmål) og engelsk, og ei rekkje av bøkene hans er dessutan omsett til fleire språk. Internasjonalt tilhøyrer The Politics of Abolition (1974) hans mest kjende bøker, som kom ut i ny utgåve hos forlaget Routledge i 2014.[9]

Mathiesen var gjesteforskar ei rekkje stader, til dømes ved University of California, Santa Barbara (1967), University of California, Berkeley (1975) og ved universiteta i Warsawa og Bremen (1988), dessutan i Latin-Amerika og Afrika.[8]

Mathiesen vart tildelt Zola-prisen (2003)[4] og utnemnd til heidersdoktor ved Lunds universitet (2003).[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Svein Sundbø (1999): Thomas Mathiesen - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1956-1999. (Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier. 90 s.)
  • Kristian Andenæs; Knut Papendorf (2003): Fortsatt uferdig. Festskrift til Thomas Mathiesen. (Oslo: Unipax. 260 s.)
  • Keith Hayward (2009): Fifty Key Thinkers in Criminology (Routledge. s. 208-213.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Klassekampen. Publisert 1. juni 2021.
  2. Uniforum. 5. februar 2010.
  3. «Fangenes forsvarer.» Klassekampen, intervju 22. januar 2016.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Uniforum. 30. mai 2021.
  5. Morgenbladet. 4. februar 2011.
  6. Arbeiderbladet. 13. juni 1986. s. 16.
  7. Dagbladet. 25. mars 2001.
  8. 8,0 8,1 Se bibliografi av Sundbø, Svein (1999).
  9. The Politics of Abolition Revisited. Klassiker tilbake i ny og utvidet utgave. 27. aug. 2014.