Hopp til innhald

Brukar:Eirik/Aasmund Olavsson Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje, portrett av Johan Nordhagen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 6. april 1818
Vinje i Telemark
Død

30. juli 1870
Gran i Oppland

Yrke Forfattar, journalist, lærar og jurist
Rørsle Poetisk realisme

Aasmund Olavsson Vinje fødd 6. april 1818 i Vinje i Telemark, død 30. juli 1870 i Gran i Oppland var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur,[1] og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.

Opphav og slekt

[endre | endre wikiteksten]

Farfaren til Aasmund Olavsson, Aasmund Torjussen, kom frå garden Vå på Rauland i Vest-Telemark, men selde garden og var sidan brukar på ulike gardar i Vinje og Mo i Vest-Telemark. Han gifta seg i 1782 med Ingeborg Asbjørnsdatter. Aasmund og Ingeborg hadde to søner. Den yngste, Olav Aasmundsen (f. 1786 på garden Ljostad), vart i ung alder utskriven som soldat, og var med både i Napoleonskrigane i 1808 og krigen i 1814. Når han var heime, arbeidde han som gardsgut rundt om i Vinje. 11. november 1813 gifta han seg med Thorbjørg Gjermundsdatter (f. 1787) frå Gøytilsgrenda i Eidsborg. På dette tidspunktet bygsla han parten Uppistog Vinje.[2]

Tidleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Vinje voks opp saman med den eldre systera Margit på husmannsplassen «Plassen» eller «Plassevja» under Uppistog Vinje, som faren hadde rydda omkring 1824. Dei materielle kåra var dårlege, og armoda tidvis stor, men litteratur og kultur var likevel høgt verdsett i heimen. Aasmund lærte seg også å setje pris på dette, og han lærte å lese som niåring.

Mora døydde før han fylte 10 år, og han kjende medansvar for dette. Faren, som var ein viktig kulturberar og opplysingsmann i Vinje, gifta seg på nytt i 1831, og Aasmund fekk ein halvbror som heitte Olav. Ungane vart tidleg sette i tidleg i arbeid, og Vinje vart sett til vere gjetar. Han var glad i dyra, og hadde stor sans for geitene. Kyrne rekna han nærast som familiemedlemmer. Gjennom gjetarlivet fekk han stoff til seinare dikt som «Blaamann».

Hausten 1834 vart han konfirmert med «Udmærket godt» i kristendomskunnskap, og både soknepresten og faren ville ha han til å verte omgangsskulelærar i heimbygda. Vinje tok då «hjelpeseminaret» i nabokommunen Kviteseid. Han gjekk der to vintrar, og oppnådde beste karakter og det beste avgangsresultatet nokon gong ved skulen. Det var prosten Søren Schive i Tinn som uteksaminerte han.

Etter opphaldet i Kviteseid vart han omgangsskulelærar i Smørklepp og Grungedal, dei øvste grendene i Vinje, med ei årslønn på 13 speciedalar. Om somrane låg han dels på setrane med buskap, dels tok han på seg gardsarbeid i bygda. Dessutan skaffa han seg inntekter ved å brenne brennevin. Det selde han utan omsyn til lova om brennevinssal. På denne måten klarte han å leggje til side noko kapital. I tillegg fekk han ein morsarv på 12 speciedalar. Etter vel fem års arbeid som skulemester hadde han klart å spare omkring 100 spd.

Vidareutdanning og arbeid som lærar og jurist

[endre | endre wikiteksten]

Aasmund Olavsson Vinje hadde tenkt å utvandre til Amerika, men presten Anton Elias Smitt overtala han våren 1841 til å byrje på Asker seminar. Han fekk tilbod om eit lån på 50 spd Vinje slo til, og om sommaren gjekk han til fots til seminaret, som på den tida vart styrt av Knud Gislesen. Ved sidan av pensumet las han mykje anna, og i jula 1842 besøkte han for fyrste gong Christiania. I juli 1843 tok han eksamen med karakteren «Udmærket godt».

Etter ein halvt munnleg lovnad av Anton Elias Smitt søkte Vinje på posten som klokkar i Vinje kyrkje og lærar ved den nye fastskulen i bygda, men ein annan søkar, medseminaristen Olav Fetveit, gjekk framom, trass i at Vinje hadde vikariert i posten ei stund. Vinje oppfatta dette som ei sosial forbigåing, og byrja igjen å tenkje på emigrasjon til Amerika. Skulekommisjonen tilbaud han ein klokkar- og omgangslærarpost i annekssoknet Rauland, men denne tok han ikkje imot. I staden drog han til Christiania i håp om å tene som klokkar hjå emigrantpresten Johannes Wilhelm Christian Dietrichson, men stillinga var alt teken. På vegen forhøyrde han seg om ein skulelærarpost i Skien, og i Christiania søkte han også om å verte lærar ved asylet, men begge stader fekk han avslag fordi han hadde for gode papir.

Familien rådde han til å søkje ein timelærarpost ved Mandal Borgerskole. Den fekk han i februar 1844 og tiltredde 1. mars same året. Ved sidan av skuletimane, som skaffa han ei lønn på omtrent 120 spd i året, gav han privatundervising. Samtidig følgde han, som elev, undervisinga i dei høgare klassane, og hans medlærarane hans gav han privatundervising i tysk, fransk og latin. Han las også mykje på eiga hand, til dømes Kant, Fichte og Hegel. Han meinte han var for gammal til å studere, tok sikte på sjømannslivet og forsøkte å gå til sjøs våren 1846. Ikkje lenge etter vart han sett i land som ubrukeleg.

Vinje tok etter kvart til å interessere seg for handel. 25. januar 1847 hadde han skaffa seg handelsbrev i Kristiansand. Planen var å drive tømmer frå Åseral, men det vart det aldri noko av. Truleg tok han borgarbrev fyrst og fremst for å få stemmerett. Allereie då han kom til Mandal hadde han vorte kjend med bondepolitikaren Søren Jaabæk. Vinje gav Jaabæk undervisning i tysk, og Jaabæk tilrådde Vinje til vala i 1847. 5. august det året vart han vald til 4. valmann for Mandal, men det vart aldri politikar av han. Venskapen deira vart seinare sett på prøve etter eit gardskjøp, der Jaabæk kausjonerte for Vinje og til slutt måtte betale heile lånet.

Han slutta etter fire år ved skulen i Mandal, og segla til Christiania med 10 spd i lomma. Hausten 1848 byrja han på Heltbergs studentfabrikk for å førebu seg til examen artium, som han tok i 1850. Der møtte han mellom andre Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. I denne perioden skreiv han også mot betaling for Morgenbladet for å ha råd til studia. Etter «Anden-Examen» (examen philosophicum med realfaga matematikk, naturhistorie, zoologi, astronomi, fysikk og kjemi), der han stod med karakteren haud i 1851. Sidan studerte Vinje jus og vart cand.jur. i 1856 med laud. Dermed var den formelle utdanninga hans fullførd, og 28. april 1857 vart han autorisert overrettssakførar. Den juridiske verksemda hans var likevel avgrensa til å føre to–tre rettssaker om gongen som fullmektig hjå høgsterettsadvokat J.C. Lous. Han slutta hjå Lous etter knapt to år.

Arbeid som journalist

[endre | endre wikiteksten]

Vinje hadde så smått byrja å skrive for aviser medan han budde i Mandal, og fram til våren 1850, då han kom i strid med redaktøren av politiske og personlege grunnar, heldt han fram med å skrive fast i Morgenbladet. Alt hausten før hadde Søren Jaabæk vurdert han som ein fråfallen bondepolitikar, og i staden var det arbeidarrørsla som opptok han. I mai 1850 hjalp han Harro Harring med å skrive i bladet Folkets Røst, og vart medredaktør i etterfølgjaren Tiden. Han skreiv under på protesten mot at Harring skulle utvisast frå landet 29. mai 1850, men fordi han fann ut at regjeringa var totalt likegyldig, vende han seg vekk frå alle parti og valde å vere tilskodar til kampen. Vidare tok han til som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende, som han skreiv over 700 artiklar for.

Dei fyrste venene hans i Christiania var Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen. Saman med dei gav han ut det satiriske bladet Andhrimner – namnet var henta frå kokken Valhall, jf. norrøn mytologi. Førebiletet for bladet som også vart kalla «Manden», var den dansk-jødiske diktaren Meïr Aron Goldschmidt og tidsskriftet hans, Corsaren, som Vinje også skreiv ein artikkel om i Andhrimner. Særleg nær vart venskapen med Botten-Hansen, i den krinsen som vart kalla «Westphalerne». På denne tida skreiv Vinje dessutan i andre organ, som Christiania-Posten og i Botten-Hansen sitt Illustreret Nyhedsblad.

Landmålet og Dølen

[endre | endre wikiteksten]

Fra midten av 1850-årene vanket han mye hos proprietær Johan Brandt på Haugerud i Vestre Aker. 185257 omgikkes han med Ole Vig, som la seg etter å fornorske skriftspråket. Dette inspirerte Vinje til å ta i bruk særnorske ord og vendinger i skrift, og i 1853 forsøkte han å skrive en salme på målføret fra heimbygda. Han kunne imidlertid ikke gammelnorsk, og syntes ikke han hadde gode nok forutsetninger for å skrive Aasens landsmål.

Etter embetseksamen begynte han å høre forelesninger i gammelnorsk hos Rudolf Keyser. På samme tid ga seg igjen i kast med filosofiske og naturvitenskapelige studier. Han drøftet språkspørsmålet med Aasen, og i oktober 1858 var han rede til å gå i gang med vekebladet «Dølen». Resten av livet levde han for dette bladet, som han for det meste skrev selv, hjulpet av Aasen og unge studenter. Etter to år måtte han riktignok inntil videre oppgi «Dølen» på grunn av økonomiske tap, og fordi bladarbeidet lot til å være til hinder for å få de juridiske postene han hadde søkt.

Med det sterkt personlige vekebladet Dølen fra 1858 satte Vinje et skille i utviklingen av norsk journalistikk. I Dølen var han sin egen herre. Mange av diktene hans er offentliggjort i Dølen. I blant kom bladet ut uregelmessig, men så kunne det komme en hel bok, slik som Ferdaminni frå sumaren 1860 (Ferdaminne), et høydepunkt i Dølens historie. Dølen fyller samlet fire store bind i en praktutgave fra 1970-73 med tresnitt av Terje Grøstad.

Som journalist er Vinje kjent for sitt berømte "Tvisyn". Han kunne på en gang se både retten og vrangen på «livsens vev», som han gjerne sa, eller han kunne le med ett øye og gråte med det andre.

Dårleg økonomi og omflakkande liv

[endre | endre wikiteksten]

Han var politisk aktiv og mista stillinga si som statstilsett jurist då han kritiserte utanrikspolitikken til staten.

Ekteskap, sjukdom og død

[endre | endre wikiteksten]
Systerkyrkjene på Gran, der Vinje er gravlagd.

20. juni 1869 gifta han seg med Rosa Constance Sophie Kjeldseth (f. 28. oktober 1836) som hadde late seg skilje frå lensmannen i Rendalen, Abraham T. Enevoldsen. Det var vanskeleg å finne ein prest som ville vie ein fråskild, men soknepresten i Vestre Aker, A. W. Fangen, tok på seg oppdraget. Sommaren same år var Vinje på sin siste fottur i Jotunheimen saman med Ernst Sars. I november og desember heldt han sju føredrag i Bergen over estetiske og historisk-filosofiske emne, og i dei fyrste månadene av 1870 heldt han føredrag i Tønsberg og Larvik. 19. mars opptredde han for siste gong i ei større forsamling, då han tala for attval av Bjørnson som formann i Studentersamfundet, men i løpet av møtet vart han kasta ut av motstandarane.

12. april 1870 døydde kona hans nokre dagar etter at ho hadde fødd ein son, Olaf. Tapet gjekk veldig inn på Vinje, og i eit par månader måtte han bu hjå halvbroren sin ved Kongsvinger. Kort tid etter at han hadde vendt tilbake, vart han innlagd på Rikshospitalet, men han lengta til fjells, og 26. juli forlét han sjukehuset. Han kom ikkje lenger enn til GranHadeland. Om morgonen 30. juli vart han funnen død, og det viste seg at han hadde hatt ein kreftsvulst i underlivet.

Aasmund Olavsson Vinje er gravlagd ved Systerkyrkjene på Gran, der det er reist eit monument over han. 17. mai kvart år er det tradisjon å hylle Vinje med tale og kransenedlegging ved Vinje-monumentet på Gran.

Forfattarskap og journalistikk

[endre | endre wikiteksten]

Om Vinje kunne drive gjøn med det meste, avdekte lyrikaren av same namn eit djupt og kjenslevart sinn. Han fann sitt eige språk etter at han var blitt førti år, og det løyste ut lyrikaren i han:

«det var først nå han ble den intime lyrikeren og den fine naturskildreren i vers og på prosa. Ansikt til ansikt med naturen tier spottegauken. Overfor naturen gjelder ikke noe tvisyn.» (Norsk litteraturhistorie 1978 ved Harald og Edvard Beyer s. 174.)

Opninga på kapittelet "Vaarstigen og der norigjenom" i "Ferdaminni" syner dette klårt:

«Soli kom nedetter Lidarne, daa eg gjekk fraa Kongsvoll nedigjenom Drivdalen, som er den tronge og djupe og bratte Inngong til Thrøndelagen. Det er ein Dal so vill, at her ikki ero mange slike i Landet; men den vesle Jord, som henger inn i Bergi er god, der er grønt og godt gjeitebeite. Soli radde seg nedetter og merkte af so svarte Skuggar på den grøne Grunnen, at det var som Fjølltopparne skulde koma livslivande nedigjenom Lidarne, svarte og glidande paa ein grøn Stol kantat med Guld. "Driva" fysste kvit og rauk og rauk i dei smaae Fossar, der var. Bekkirne hingo som kvite Band nedetter Bergi. Morgonvinden kom liksom ifraa Snohætta og nedigjenom denne Glupen. Det liksom tok og skok i meg:
Her er so vænt, det kann meg grøta
for det, um eg er vaksen Karl,
for Dal og Fjøll og Sol meg møta
som heime, då eg liten var.
Eg høyrer som Naturens store
og friske glade Hjarteslag.
Ja, Herre, alt det, som du gjorde,
er ungt som det var skapt idag.» (Fra Ferdaminni fraa Sumaren 1860)

Sans for metrikk

[endre | endre wikiteksten]

Vinje hadde sans for metrikk og veik ikke unna for krevjande strofeformer. I diktet «Vaaren» nyttar han både antikt versemål og avanserte rimmønster. Han kunne også ta folkediktinga til førebilete. «Den dag kjem aldri» kan t.d. kallast ei nystev-vise.

Parallelt med Ivar Aasen var Vinje ein pioner for nynorsk, sangbar lyrikk, og til liks med Aasen greidde han å slå gjennom med dikta sine hjå folk flest. Målforma har ikke vore til hinder. Dei har også båe vore med på å brøyte vegen for andre folkekjære landsmålslyrikarar som Arne Garborg og Per Sivle.

Dølen og anna journalistikk

[endre | endre wikiteksten]
Framsida på eit nummer av Dølen

Vinje er rekna som ein føregangsmann i norsk journalistikk med vekebladet Dølen frå 1858. Før han skreiv Dølen var han journalist, i løpet av 8 år skreiv han heile 700 artiklar i Drammens Tidende. Som forfattar skreiv han dikt og reiseskildringar. Skrivestilen hans var prega av evna hans til sjå ei sak frå fleire sider, og viste ofte eit tvisyn, mellom anna når det gjaldt norsk nasjonalromantikk. Vinje var ein av dei fyrste til aktivt å ta i bruk landsmålet til Ivar Aasen.

Andre verk

[endre | endre wikiteksten]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]
Karikaturen «Vinjefurua» av Theodor Kittelsen, 1907

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Tidsskrift

Diktsamlingar

  • 1861 - Ferdaminni fraa Sumaren 1860, ei skildring av ei reise til kroninga av kong Karl IV av Noreg (Karl XV av Sverige) i Trondheim i 1860.
  • 1864 - Diktsamling, med mange av dei mest kjende dikta hans.
  • 1866 - Storegut. Dikt.

Anna

  • 1863 - A Norseman's View of Britain and the British
    • 1873 - norsk utgåve: Bretland og Britarne.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • «Vinje, Aasmund Olafsen» i Norsk forfatter-lexikon 1814–1880; 6. bd. av Jens Braage Halvorsen og Halvdan Koht (Kristiania: Den Norske forlagsforening, 1908).
  • «Vinje, Aasmund Olavsson» av Idar Stegane i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) (www).

Nettstader

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Stegane 2005.
  2. Halvorsen og Koht 1908, s. 133

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource Eirik/Aasmund Olavsson VinjeWikikilden (frie originaltekstar)