Bnei Zion
Utsjånad
Bnei Zion | |||
בְּנֵי צִיּוֹן | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | 32°13′5.15″N 34°52′5.52″E / 32.2180972°N 34.8682000°E | ||
Folketal | 1 334 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 27. mars 1947 | ||
• Grunnlagd av | Jewish Agency | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Bnei Zion 32°13′05″N 34°52′06″E / 32.218097222222°N 34.8682°E | |||
Kart som viser Bnei Zion.
| |||
Wikimedia Commons: Bnei Zion |
Bnei Zion (hebraisk skrift בְּנֵי צִיּוֹן, tyder Søner av Sion) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta kring 4,5 km nord for Ra'anana og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 000.
Landsbyen vart grunnlagd den 27. mars 1947 av Jewish Agency, og vart først kalla Gva'ot Ra'anana (hebraisk skrift גבעות רעננה, tyder Ra'anana-høgdene) før han fekk namn etter Bnai Zion, den amerikanske organisasjonen som var med på å grunnleggje landsbyen.
Naturreservat
[endre | endre wikiteksten]Like vest for moshaven ligg eit 100 mål stort naturreservat, som vart oppretta i 1968.[2] Reservatet er ein rest av den opphavlege Sharonsletta, rik på flora som veks godt i den jarnhaldige jorda.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bnei Zion» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014.
- ↑ «Bnei Zion naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 3. september 2015.