Hopp til innhald

Blackbird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blackbird
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 11. juni 1968,
EMI Studios, London
Sjanger Folk
Lengd 2:19
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar Lennon/McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

Blackbird singing in the dead of night
Take these broken wings and learn to fly.

Paul McCartney

«Blackbird» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (òg kjend som The White Album). «Blackbird» vart skriven av Paul McCartney, som vart inspirert medan han var i Skottland etter rasehendingane i USA våren 1968.[1]

Musikalsk var McCartney inspirert av Bach sin Bourrée i E-moll, eit kjent klassisk gitarstykke. Songen vart spelt inn 11. juni 1968 i Abbey Road Studios med George Martin som produsent.[2] Songen inneheld berre McCartney på vokal og akustisk gitar, samt ein svak tramperytme. Mot slutten av songen kan ein høyre ein faktisk svarttrost (blackbird på engelsk) som syng i bakgrunnen.[2]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt denne songen, mellom anna Donovan, Phish, the Grateful Dead, Billy Preston, Kenny Rankin, Keller Williams, Carly Simon, Bonnie Pink, the Guess Who, Arturo Sandoval, Jesse McCartney, Dionne Farris, Crosby, Stills & Nash, Doves, Brad Mehldau, Harpers Bizarre, Bobby McFerrin, Jaco Pastorius, Dave Grohl, John Denver, Drake Bell, Aimee Mann, Dave Matthews Band, O.A.R., Elliott Smith, Justin Hayward, Marillion og Maria João & Mário Laginha.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Walter Everett (1999). The Beatles as Musicians: Revolver through the Anthology. New York, London: Oxford University Press. s. 190. ISBN 978-0-19-512941-0. 
  2. 2,0 2,1 Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 137. ISBN 0-517-57066-1.