Bjørn Aamodt
Utsjånad
Bjørn Aamodt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. februar 1944 Bærum kommune |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent |
Språk | norsk |
Far | Asbjørn Aamodt |
Bjørn Aamodt (fødd 24. februar 1944 i Bærum, død 29. april 2006 i Oslo) var ein norsk lyrikar.
Han arbeidde som sjømann, metallarbeidar og sosialarbeidar. Den fyrste boka hans var diktsamlinga Tilegnet som kom i 1973. Han brukte i fleire av diktsamlingane erfaringar og vokabular frå sjømannslivet og arbeidet som kranførar, og dikta høyrer med blant høgdepunkta i moderne arbeidarlyrikk. I samlingane Stå, ABC og Atom brukte han andre motivkretsar.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2003 - Doblougprisen
- 1998 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Anchorage
- 1997 - Halldis Moren Vesaas-prisen
- 1997 - Gyldendalprisen
- 1995 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for ABC
- 1994 - Gyldendals legat