Bjørkebeltet
Bjørkebeltet (regio subalpina) er eit område dominert av bjørk som strekkjer seg frå Noreg i vest til Vladivostok i aust.[1]
lagar ein overgang mellom barskogen og snaufjellet. Det er den krokete vridde fjellbjørka (Betula tortuosa) som veks her. Bjørkebeltet varierer sterkt i breidde, og grensa mot snaufjellet buktar seg langs fjellsidene. Generelt er bjørkebeltet i det indre av Sør-Noreg smalt. Lengre nord i landet vert barskogen trengt ned i dei lune dalbotnane. Her kjem bjørkeskogen tydelegare fram og dominerer. I det sentrale Sør-Noreg ligg bjørkeskoggrensa kring 1100 m.o.h. Og senkar seg mot vestkysten til 500-600 moh. Ved 69° nord gjennom Troms ligg grensa på 200-300 moh. i kyststroka, 250-400 moh. kring fjordane, 350-500 moh. inne i landet. Nord for 70° nord i Finnmark dalar skoggrensa til havnivået og dannar grense mot den arktiske tundraen.
Etter vegetasjonen på skogbotnen kan ein skilje mellom to hovudtypar av fjellbjørkeskog: engbjørkeskog og heibjørkeskog. Engbjørkeskogen er frodig med mange bekkar og med eit rikt utvikla feltskikt av store urter, bregner og høge grasartar. Desse plantesamfunna, gjerne kalla høgstaudesamfunn, inneheld store eller talrike plantar som tyrihjelm, turt, mjødurt, ballblom, skogstorkenebb, geitrams og kvann. Vidare finn ein eit markert busksjikt av vierartar som lappvier, ullvier og sølvvier. Desse buskane og urtane kan saman lage nesten ugjennomtrengelege kratt. Innslaget av andre lauvtre som rogn, osp, gråor og hegg kan vere stort. Heibjørkeskogen dannar ein turrare skogtype, og på skogbotnen dominerer krekling, blåbærlyng, tytebærlyng og rypebærlyng, i tillegg til ei rekkje lavartar. Dyrelivet er også meir sparsamt. Svenske granskingar viser at talet på hekkande fuglepar er tre gongar så stort i engbjørkeskog samanlikna med heibjørkeskogen.
Bjørkebeltet sine grenser nedover mot barskogen og oppover mot snaufjellet er uskarpe. Ein skil mellom skoggrense og tregrense. Enkeltståande bartre som veks ovanfor den samanhengande barskogen høyrer med i bjørkebeltet, og bjørketre som veks inne mellom bartrea høyrer med i barskogsregionen. Enkeltståande bjørker eller andre lauvtre som veks ovanfor bjørkebeltet høyrer med i vierregionen på snaufjellet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Farlige blindpassasjerer» (1.2 2011), forskning.no
- Fjellfauna, Svein Haftorn, utgitt av Trondhjems Turistforening på F. Bruns bokhandels forlag, Trondheim, 1966.