Hopp til innhald

Bielefeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bielefeld
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Detmold
Landkreis Kreisfri by
Del av Ostwestfalen-Lippe
Høgd 115 m
Areal 258,82 km²
Folketal 338 410 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1214
Postnummer 33501–33739
Retningsnummer 0521, 05202-05209
Bilnummer BI
Kart
Bielefeld
52°01′00″N 8°32′00″E / 52.016666666667°N 8.5333333333333°E / 52.016666666667; 8.5333333333333
Wikimedia Commons: Bielefeld

Bielefeld er ein by i Tyskland nordaust i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 340 000 innbyggjarar. Han ligg i regionen Detmold på både aust- og vestsida av Teutoburger Wald.

Namnet «Bielefeld» kjem frå det gamle namnet bileveld, som tyder «åslendt slette». Byen ligg mellom dei to åsryggane som utgjer den sørlege og nordlege delen av Teutoburger Wald. Sentrum ligg på austsida, medan delar av den moderne byen har spreidd seg til motsett side og på åskammane.

Bielefeld vart grunnlagd i 1214 av grev Hermann II von Ravensberg for å vakte gjennomgangen av Teutoburger Wald. Det store slottet Sparrenburg vart bygd sentralt i byen og vart aldri erobra gjennom heile mellomalderen. Slottet forfall utover på 1700- og 1800-talet og vart restaurert i 1879, men har no ein litt anna utsjånad enn det hadde i mellomalderen.

På 1400-talet var Bielefeld eit av dei minste medlemmane i Hansaen. Seinare utvikla handelen med lin seg og byen vart kjend som «linbyen».

I dag består industrien mellom anna næringsmiddelindustri, tilverking av hushaldningsutstyr, informasjonsteknologi og ulik tungindustri. Bielefeld har òg dei to største protestantiske sosiale institusjonane (Diakonie) i Europa, von Bodelschwingsche Anstalten Bethel[1] og Evangelisches Johanneswerk.[2]

Bielefeld har hatt universitet sidan 1969. Av dei første professorane var den kjende tyske sosiologen Niklas Luhmann. Andre høgare utdanningsinstitusjonar i Bielefeld er det teologiske seminaret Bethel (Kirchliche Hochschule Bethel) og Fachhochschule som er internasjonalt kjend for si utdanning innan fotografi og design. Andre kulturinstitusjonar er kunstmuseet (Kunsthalle) og Rudolf Oetker-konsertsal (Rudolf-Oetker-Halle).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bielefeld