Bernhard Kokk
Utsjånad
Bernhard Kokk | |||
Fødd | 28. mai 1827 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 11. februar 1893 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, forfattar, politikar | ||
Alle verv |
|
Bernhard Kokk (28. mai 1827–11. februar 1893) var ein norsk prest og stortingsmann frå Christiania.
Kokk var son til ein snikkar og brannmeister. Han gjekk på privat borgarskule og arbeidde tre år i snikkarverkstaden til faren. I 1848 vart han student og fire år seinare cand. theol. Dei komande åra var han lærar ved realskular i hovudstaden. Han tok eksamen i samisk i 1857, året etter vart han sokneprest i Lebesby. Sidan sokneprest 1864-71 i Tranøy og 1871-83 i Lødingen. Til sist sokneprest i Sørum fram til han døydde i 1893.
Kokk var 4. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1865-66, medlem av vegkomiteen.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914