Bernard Lacombe
Bernard Lacombe | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. august 1952 (72 år) Lyon |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1978, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984 |
Bernard Lacombe (fødd 15. august 1952) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Villefranche-sur-Saône som vart europameister med Frankrike i 1984. Angrepsspelaren var elles med å vinne tre ligapokalar med Girondins Bordeaux i perioden 1984-87.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Lacombe var Olympique Lyon-spelar i tida frå 1969 til 1978. Han skåra det andre målet då laget frå Lyon i 1973 vann den franske cupfinalen med 2-1 over FC Nantes. Etter ein sesong i AS Saint-Étienne vart han i 1979 overført til Girondins Bordeaux. Saman med spelarar som Alain Giresse, Jean Tigana og Patrick Battiston bidrog han sterkt til at Bordeaux-laget i 1980-åra låg i toppen i fransk klubbfotball. Over ein periode på fire sesongar sanka klubben tre ligapokalar og to cuppokalar. Etter han fekk mindre speletid, la ha opp våren 1987.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Lacombe var fransk landslagsspelar frå 1973 til 1984. Han spelte to kampar i Fotball-VM 1978 og skåra då Frankrike tapte 1-2 mot Italia. Under verdsmeisterskapen 1982 i Spania var han med i dei tre kampane i gruppespelet, resten av meisterskapen sat han på reservebenken, også då Frankrike tapte bronsefinalen mot Polen. Ved EM i fotball 1984 på fransk heimebane spelte Lacombe i fire av dei fem kampane, mellom dei EM-finalen mot Spania. Finaleoppgjeret, som enda med 2-0-siger til Frankrike, var hans 38. og siste landskamp. Totalt stod han for 12 landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1984 for Frankrike
- Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux
- Fransk cupmeister: 1973 med Olympique Lyon og 1986 med Girondins Bordeaux
Utan større suksess var Lacombe i perioden 1996-2000 trenar i Olympique Lyon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernard Lacombe» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2018.