Bartel Leendert van der Waerden
Bartel Leendert van der Waerden
(/ʋardən/) | |||
| |||
Fødd | Bartel Leendert van der Waerden 2. februar 1903 Amsterdam | ||
---|---|---|---|
Død | 12. januar 1996 Zürich | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Nederlanda | ||
Område | algebra, kombinatorikk, matematikk, matematikkens historie | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar, matematikkhistorikar, historikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Leipzig Universitetet i Zürich Universitetet i Groningen Universitetet i Amsterdam Universitetet i Amsterdam Shell plc Johns Hopkins University | ||
Alma mater | Universitetet i Amsterdam Universitetet i Göttingen Universitetet i Hamburg | ||
Doktorgradsrettleiar | Hendrik de Vries | ||
Medlem | Det saksiske vitenskapsakademiet Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Heidelberger Akademie der Wissenschaften Det saksiske vitenskapsakademiet Det saksiske vitenskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet Institute of Mathematical Statistics |
Bartel Leendert van der Waerden (fødd 2. februar 1903 i Amsterdam, død 12. januar 1996 i Zürich) var ein nederlandsk matematikar.
Livsløp
[endre | endre wikiteksten]Van der Waerden er son av ein matematikklærar. Alt som ung viste han seg som ein matematisk begavelse. I 1919 byrja han studia sine i matematikk i Amsterdam med blant anna Hendrik de Vries som lærar. Seinare studerte han i Göttingen under Emmy Noether. I 1928 vart han professor ved Universitetet i Groningen og i åra 1931 til 1945 var han professor og direktør ved matematisk institutt Universität Leipzig. Hans samtidige, Werner Heisenberg og interesse for kvantemekanikk hadde ført han dit. Gjennom seminar ved universitetet kom boka Gruppeteoretiske metodar innan kvantemekanikk.
I 1940-åra vart det vanskeleg for han i Tyskland i det han ikkje ville oppgje det nederlandske statsborgarskapet sitt. Etter krigen arbeidde han ei tid for Shell i Amsterdam før han gjekk til det amerikanske Johns Hopkins University og var professor der i åra 1948-1951. Frå 1951 til 1972 var han professor ved Zürich universitet.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Han er kjent for læreboka i algebra i to bind som utkom første gongen i 1930 med tittelen Moderne algebra. Dette arbeidde var sterkt influert av førelesningar av Emil Artin og Emmy Noether. Dette var den første læreboka som reflekterte dei store endringane som skjedde innan algebra på byrjinga av 1900-talet og vart eit standardverk gjennom fleire tiår.
Han drei òg med bruk av elementærgeometeri, aksiom innan geometri, statistikk, topologi og talteori. Med eit så vidt interessefelt er han oppfatta som ein av dei siste generalistane innan matematikken. Van der Waerden-satsen er ein viktig læresetning innan Ramsey-teori og innan kombinatorikk.
I 1953 beviste han saman med Kurt Schütte «kyssetalproblemet» i tre dimensjonar der ei sentral kule kan rørast av maksimalt ytterlegare tolv like store kuler. Ifølgje Richard Gregory trur ein at Isaac Newton meinte mengda kunne setjast til 13.[1]
I tillegg var han ein førande vitskapshistorikar og dreiv særleg med gresk matematikk og historia til algebraen.
Van der Waerden vart den 12. januar 1996 innvald som æresmedlem i Sächsische Akademie der Wissenschaften. Gjennom mange år var han utgjevar av Dei matematiske annalane.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Algebra, 2 Bde., Springer, 9.Auflage 1993 (in älteren Auflagen "Moderne Algebra" genannt, zuerst 1930/31)
- Einführung in die Algebraische Geometrie, Springer 1973 (reprint einer Serie von Zeitschriftenartikeln, zuerst 1939)
- Gruppen von linearen Transformationen, Springer 1935
- Mathematische Statistik, Springer 1971
- Erwachende Wissenschaft Bd.1 ("Ägyptische, babylonische und griechische Mathematik"), Birkhäuser 1956 (zuerst holländisch 1950, englische Ausgabe "Science Awakening" 1954), in einem 2.Band werden die "Anfänge der Astronomie" behandelt (2.Aufl.1980)
- Die Pythagoräer- religiöse Bruderschaft und Schule der Wissenschaft, Artemis Verlag 1979
- Die Astronomie der Griechen- eine Einführung, Wissenschaftliche Buchgesellschaft 1988
- Geometry and algebra in ancient civilizations 1983
- Geschichte der Algebra, 1985 (engl. A history of Algebra, Springer 1986)
- Group theory and quantum mechanics, 2.ed. Springer 1986 (deutsch "Die gruppentheoretische Methode in der Quantenmechanik", Springer 1932)
- Hrsg. Sources of quantum mechanics 1967, reprint dover 2007 (Nachdruck wichtiger Arbeiten der Quantenmechanik mit historischer Einleitung von van der Waerden)
- Mathematik für Naturwissenschaftler, BI Hochschultaschenbuch 1975
- Meine Göttinger Lehrjahre, Mitteilungen DMV 1997, Nr. 2 (Vortrag von 1979)
- van der Waerden "Die Arithmetik der Pythagoräer", Teil 1, Mathematische Annalen 1947/1949, del 2 er her
- van der Waerden "Zenon und die Grundlagenkrise der griechischen Mathematik", Mathematische Annalen 1940/1
- van der Waerden, Schütte "Das Problem der 13 Kugeln", Mathematische Annalen 1953
- van der Waerden "Spinoranalyse", Nachr.Akad.Göttingen 1928
- van der Waerden "Die Klassifikation der einfachen Lieschen Gruppen", Mathematische Zeitschrift 1933
- van der Waerden "Über die Wechselwirkung von Mathematik und Physik", Elemente der Mathematik 1973
- van der Waerden "Einfall und Überlegung in der Mathematik", Elemente der Mathematik 1954, del 2 er her[daud lenkje] og del 3 her
- van der Waerden "Die Algebra seit Galois", Jahresbericht DMV 1966
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bartel Leendert van der Waerden» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Rüdiger Thiele: Van der Waerdens Leipziger Jahre, 1931-1945, Mitteilungen der DMV Bd. 12, 2004, Nr.1, S. 8-20.
- Rüdiger Thiele: Van der Waerden in Leipzig, Edition am Gutenbergplatz Leipzig 2009, ISBN 978-3-937219-36-3 (EAGLE 036) [1].
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Bartel Leendert van der Waerden i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nachruf von Peter Roquette
- Notices AMS, Interview mit van der Waerden, Saunders MacLane zu seinem Algebra Lehrbuch, van der Waerden zur Geschichte der Quantenmechanik, englisch
- Porträt des Monats Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine. ETH-Bibliotek