Hopp til innhald

Barbu

Koordinatar: 58°27′45″N 8°46′26″E / 58.46250°N 8.77389°E / 58.46250; 8.77389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°27′45″N 8°46′26″E / 58.46250°N 8.77389°E / 58.46250; 8.77389

Barbu, ein gamal strandstad og kommunesenter, i dag bydel i Arendal. Oppe til høgre ligg Barbu kyrkje.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Barbu er ein bydel i Arendal. Barbu var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke. Opphavleg, frå 1837, var Barbu ein del av Austre Moland formannskapsdistrikt.

1. mai 1878 vart Austre Moland delt i tre kommunar: Barbu, Austre Moland og Tromøy. Barbu hadde då 4 874 innbyggjarar.

1. januar 1902 vart Barbu kommune samanslegen med Arendal. Barbu hadde då eit folketal på 6 787.