Hopp til innhald

Baltzar von Platen (1898-1984)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Baltzar von Platen.
Baltzar von Platen

Statsborgarskap Sverige
Fødd 24. februar 1898
Malmö S:t Petri församling
Død

29. april 1984 (86 år)
Ystad menighet

Yrke maskiningeniør, oppfinnar, ingeniør
Far Philip Ludvig von Platen
Baltzar von Platen (1898-1984) på Commons

Baltzar von Platen (24. februar 189829. april 1984) var ein svensk oppfinnar kjend for utviklinga av kjøleskap og kunstig framstilling av diamantar.[1]

Saman med Carl Munters fann von Platen i 1922 opp prinsippet for kjøleskap med gassabsorpsjon. Dei var då båe studentar ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Teknikken gjorde det mogleg å få til kjøling ved hjelp av ei varmekjelde. Ei slik kjelde kunne til dømes vera gass eller elektrisitet. I 1923 vart produksjon av kjøleskap byrja av selskapet AB Arctic. I 1925 vart AB Arctic kjøpt opp av Electrolux,[2] som byrja å selja dei på over heile verda.

(ufullstendig)

  • Baltzar von Platen og Carl Munters, Om alstring av kyla (1925)
  • Baltzar von Platen, Andar och perpetuum mobile (1975)