Aust-Raron
Utsjånad
Aust-Raron | |||
Bezirk Östlich Raron | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Valais | ||
Hovudstad | Mörel-Filet | ||
Areal | 127,2 km² | ||
Folketal | 3 009 (2010) | ||
Kommunar | 7 | ||
Aust-Raron 46°20′00″N 8°03′01″E / 46.3333°N 8.05018°E | |||
Kart som viser Aust-Raron.
| |||
Wikimedia Commons: Oestlich Raron District |
Aust-Raron er eitt av 14 distrikt i kantonen Valais i Sveits. Distriktet har eit areal på 127,2 km² og hadde 3 009 innbyggarar i 2010. Aust-Raron ligg aust i Valais, i den delen av kantonen som vert kalla Oberwallis. I søraust grensar Aust-Raron mot Italia.
Aust-Raron omfattar sju kommunar. Ingen av kommunane har over 1 000 innbyggarar. Mörel-Filet er hovudstad i distriktet. Dei andre kommunane er Betten, Bister, Bitsch, Grengiols, Martisberg og Riederalp.
Tysk er offisielt språk i distriktet.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Östlich Raron (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 29. januar 2012.