Amman guvernement
Amman guvernement | |||
محافظة العاصمة | |||
guvernement | |||
Abdali dannar hjartet av Amman.
| |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Distrikt | 9 | ||
Hovudstad | Amman | ||
• høgd | 777 moh. | ||
Areal | 7 579,2 km² | ||
Folketal | 4 007 526 (2015)[1] | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)6 | ||
Urban | 94% | ||
Rural | 6% | ||
Amman guvernement 31°56′59″N 35°55′58″E / 31.949722222222°N 35.932777777778°E | |||
Amman guvernement i Jordan
| |||
Wikimedia Commons: Amman Governorate |
Amman guvernement (arabisk محافظة العاصمة, romanisert Muhafazat al-Asima, 'Hovudstadsguvernementet') er eit guvernementet i Jordan som omfattar hovudstaden i landet, Amman.
Amman guvernement har det høgaste folketalet av dei 12 guvernementa i Jordan. Det grensar til Zarqa guvernement i nord og nordaust, Balqa og Madaba i vest, Karak og Ma'an i sør, og til Saudi-Arabia i aust.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området som Amman guvernement dekkjer, har vore busett sidan førhistorisk tid, og ein har funne ruinar av sivilisasjonar datert attende til 7250 fvt. ved 'Ain Ghazal nær Amman.
Amman var hovudstaden til ammonittane , som dei kalla Rabbath Ammon. Ammonittane styrte nesten heile landområdet som Amman guvernement dekkjer. Etter romarane tok kontroll over regionen, fekk Amman namnet Filadelfia, og var ein av ti romerske byar i Dekapolis. Etter at dei muslimske arabarane erobra området, fekk Filadelfia attende namnet Amman. Den bysantinske staden Umm ar-Rasas fekk status som verdsarvstad i 2004.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i guvernementet er austleg middelhavsklima. Sidan Amman ligg i ei høgd er årsnedbøren og temperaturen variabel innafor guvernementet . Til dømes kan det snø i området Sweileh, som ligg 1050 meter over havet, men vere skya utan nedbør i sentrum av Amman, som ligg 780 moh. Guvernementet er det tjredne største i Jordan etter areal, og det største etter folketal.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 2004 hadde Amman guvernement 1 942 066 innbyggjarar, opp frå 1 576 238 i 1994, med ein årleg vekst på 2,1 %.[2] I 2009 vart det estimert at folketalet var 2 380 000.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Amman guvernement er delt inn i ni nahiyaher,[3] fem av desse ligg i storbyområdet kring Amman.
Nahiyah | Arabisk namn | Nahiyaer | Folketal (2004) | Adm. senter | |
---|---|---|---|---|---|
1 | Al-Qasaba nahiyah | لواء قصبة عمان | omfattar seks bydelar i Amman | 552 511 | Abdali |
2 | Marka nahiyah | لواء ماركا | omfattar fire bydelar i Amman storbyområde | 483 819 | Marka |
3 | Al-Qwesmeh nahiyah | لواء القويسمة | omfattar tre bydelar i Amman storbyområde | 257 260 | Al Juwayyidah |
4 | Universitet nahiyah | لواء الجامعة | omfattar seks bydelar i Amman storbyområde | 279 359 | Al Jubayhah |
5 | Wadi Al Seer nahiyah | لواء وادي السير | omfattar tre bydelar i Amman storbyområde og 12 andre byar og landsbyar | 173 792 | Wadi Al Seer |
6 | Naour nahiyah | لواء ناعور | omfattar 25 byar og landsbyar | 66 220 | Naour |
7 | Sahab nahiyah | لواء سحاب | omfattar 7 byar og landsbyar | 57 037 | Sahab |
8 | Al Jizah nahiyah | لواء الجيزة | omfattar 62 byar og landsbyar | 42 051 | Al Jizah |
9 | Muwaqqar nahiyah | لواء الموقر | omfattar 26 byar og landsbyar | 30 017 | Al Mushaqqar |
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]`Abdun, Abu `Alandah, Adh Dhuhaybah, Al `Al, Al `Amiriyah, Al `Arid, Al `Arudah, Al Bahhath, Al Bassah, Al Bunayyat al Janubiyah, Al Bunayyat ash Shamaliyah, Al Hawwasiyah, Al Hummar, Al Jizah, Al Jubayhah, Al Judayyidah, Al Jumayyil, Al Juwayyidah, Al Lubban, Al Mabrak, Al Mahattah, Al Manakhir, Al Mathluthah, Al Muqabalayn, Al Mushaqqar, Al Mushayrifah, Al Mushayrifah, Al Muwaqqar, Al Qartu`iyah, Al Qastal, Al Qunaytirah, Al Qurayyat, Al Quwayjiyah, Al Quwaysimah, Al Yadudah, `Ammuriya, An Naqubah, An Nuwayjis, `Ara`ir, Ar Rabahiyah, Ar Rajib, Ar Riwaq, Ash Shufatah, Ash Shumaysani, Ash Shuqayq, As Samik, As Saqrah, Ath Thughrah, `Atruz, At Tunayb, Barazin, Barzah, Barzah, Bayt Zir`ah, Biddin, Bilal, Buqay` al Qababi`ah, Dab`ah, Dhiban, Dhuhaybah, Dulaylat al Hama'idah, Dulaylat al Mutayrat, Halaq ash Shuqayq, Hawwarah, Hisban, `Irak al Amir, Jalul, Jawa, Juraynah, Khilda, Khirbat `Assaf, Khirbat as Sahilah, Khirbat Badran, Khirbat Khaww, Khirbat Siran, Khuraybat as Suq, Kufayr Abu Sarbut, Kufayr al Wakhyan, Kufayrat Abu Khinan, Madaba, Ma`in, Manja, Marka, Mukawir, Mulayh, Murayjimat Ibn Hamid, Natl, Na`ur, Qasr al Hallabat, Qubur `Abd Allah, Qurayyat Falhah, Qurayyat Nafi`, Qurayyat Salim, Rujaym Salim, Rujm ash Shami, Rujm ash Shara'irah, Sahab, Shunat Ibn `Adwan, Sufah, Sumiya, Suwaylih, Tabarbawr, Tila` al `Ali, Umm al `Amad, Umm al Birak, Umm al Hanafish, Umm al Kundum, Umm al Qanafidh, Umm ar Rasas, Umm as Summaq, Umm Juraysat, Umm Nuwarah, Umm Qusayr, Umm Qusayr, Umm Rummanah, Umm Shujayrah al Gharbiyah, Umm Zuwaytinah, `Urjan al Gharbiyah, `Urjan ash Sharqiyah, `Uyun adh Dhi'b, Wadi as Sir, Yajuz, Zaba'ir `Udwan, Zuwayza
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amman Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://census.dos.gov.jo/wp-content/uploads/sites/2/2016/02/Census_results_2016.pdf.
- ↑ DOS Jordan 1994 Census, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 4. oktober 2015
- ↑ Ministry of Interior Administrativ inndeling
- ↑ 2004 Census (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. september 2011, henta 4. oktober 2015