A Friend in London
Utsjånad
(Omdirigert frå A Friend In London)
A Friend in London | |||
| |||
Opphav | Danmark | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2005-i dag | ||
Sjanger | Soft rock, alternativ rock og pop | ||
Medlemmer | Tim Schou Sebastian Vinther Aske Damm Bramming Esben Svane |
A Friend in London er ein dansk rockegruppe frå Vostrup i Danmark. Dei vann Dansk Melodi Grand Prix 2011 med songen «New Tomorrow». Deretter representerte dei Danmark i Eurovision Song Contest 2011, og enda på femteplass.
Eurovision Song Contest 2011
[endre | endre wikiteksten]Etter at Mandy Hudts annonserte at Danmark fekk tolv poeng frå Nederland i finalen sa Tim Schou: «Du veit baby, eg vil... eg vil pule deg!»[1] Schou sa seinare: «Då kameraet kom og me fekk dei fyrste poenga var eg så spent. Eg orsakar, Europa! Eg orsakar! Me fekk femteplass, baby!»[2] Hudts har sidan hevda at ho fann hendinga morosam.[3]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Danish Reaction at Eurovision» (på engelsk). Oikotimes. Henta 30. desember 2012.
- ↑ «After the Final: Emotional scenes among artists backstage» (på engelsk). Eurovision.tv. 16. mai 2011. Henta 30. desember 2012.
- ↑ «Danish singer sparks outrage at Eurovision Song Contest» (på engelsk). Starlounge. Henta 30. desember 2012.