Þingvallavatn
Þingvallavatn | |||
innsjø | |||
Þingvallavatn
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Reservoar, naturleg innsjø | ||
Tilsig | Villingavatnsá, Ölfusvatnsá og Öxará | ||
Utløp | Sog | ||
Areal | 83,7 km² | ||
Største djupn | 114 m | ||
Koordinatar | 64°11′N 21°09′W / 64.183°N 21.150°W | ||
Øyar | Sandey | ||
Þingvallavatn 64°11′15″N 21°08′06″W / 64.1875°N 21.135°W | |||
Wikimedia Commons: Þingvallavatn |
Þingvallavatn (utt. thing-vatla-vatn med trykk på fyrste staving) er den største naturlege innsjøen på Island med areal på 83,7 km2 (Þórisvatn er demt opp til kraftmagasin og har dermed blitt større). På det djupaste er Þingvallavatn 114 meter. På nordsida av vatnet blei Alltinget danna i 930.
Det meste av tilsiget i innsjøen kjem frå berggrunnen, i tillegg renn det tre småelvar uti, Villingavatnsá, Ölfusvatnsá og Öxará. Ut av vatnet renn elva Sogið, den største oppkomselva på Island. Det lever tre fiskeslag i Þingvallavatnet, av dei fem slaga ferskvassfisk ein finn på Island. Dei tre er røye, aure og trepigga stingsild. I Þingvallavatnet er er det fire variantar av røye, flest i verda. Alle desse er berre funne i dette vatnet.
Innsjøen er ein del av nasjonalparken Þingvellir og ligg sørvest på Island. Det vulkanske opphavet til øyane i innsjøen er tydleg. Sprekkdanninga rundt innsjøen, mellom anna Almannagjá som er den største av dei, indikerer at dei europeiske og amerikanske jordskorpeplatene møter kvarandre.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Thingvellir.is - fiskurinn Arkivert 2007-08-16 ved Wayback Machine. lese desember 2005
- Þingvallavatn Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. lese desember 2005
- Þórisvatn[daud lenkje] lese desember 2005