Årmod
Årmod (norrønt Ármóðr) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.
Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 85, 86 og 88). Ein haust, truleg 1148, kom han, saman med skalden Odde Litle, til Ragnvald Kale Kolsson jarl på Orknøyane. Dei vart godt mottekne og jarlen gjorde dei til hirdmenn. Under eit stort julegjestebod fekk Årmod eit gullslege spjot i gåve av jarlen, og Årmod gjorde då dette diktet[2]:
|
|
Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Fleire skaldar var med på ferda og mellom dei var Årmod. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90) og det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert tre av dei dikta som vi har etter Årmod; lausavisene vers 2[3], 3[4], 4[5].
Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Årmod etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
- ↑ Lausavise av Årmod (Skaldic Project)
- ↑ Lausavise av Årmod – dei segla forbi Northumberland
- ↑ Lausavise av Årmod – om dronning Ermingjerd i Narbon (Ermengarde av Narbonne)
- ↑ Lausavise av Årmod – dei låg verfaste ved Kreta
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning (B side 511) av Finnur Jónsson
- Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie bind II (side 167/168), av Finnur Jónsson