Walter Abish
Walter Abish | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. desember 1931 Wien |
Død |
28. mai 2022 (90 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, universitetslærar, lyrikar |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Walter Abish (24. desember 1931–28. mai 2022) var ein austerriksk-amerikansk forfattar.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Abish var fødd i Wien, men den jødiske familien hans måtte flykta frå forfølginga til nazistane.[1] Dei kom seg til Shanghai der dei var frå 1940 til 1948; store delar av tida under japansk styre i det Abish omtalte som ein getto.[1] Deretter budde dei fleire år i den nyoppretta staten Israel.[1] Abish flytta til USA i 1957, og blei amerikansk statsborgar i 1960.[2]
Abish gifta seg med fotografen og bilethoggaren Cecile Gelb i 1953. Han var gift med henne livet ut. Dei hadde ingen barn.[2] Han døydde på Manhattan i New York i 2022.[1]
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Dei fyrste bøkene hans, mellom anna Alphabetical Africa (1974), er prega av ein postmodernistisk leikenheit. Boka følgjer visse alliterative reglar der fyrste kapittel berre inneheld ord som byrjar med A, andre kapittel berre ord som byrjer med a eller b, neste kapittel legg også til ord med c, og så bortetter. Etter 25 kapittel kan Abish ei kort tid skriva uhemma.[3] Deretter følgjer 52 nye kapittel der bokstavar blir fjerna i omvendt rekkefølgje.[4]
Gjennombrotet hans kom med romanen How German Is It? (1980, ‘Kor tysk er det?’), om ein forfattar som vendar tilbake til det «nye» Tyskland og bror hans, som er arktitekt, med bomber som går av i bygg han har utforma. Boka blir fortalt med ulike indre monologar og frå mange ulike synsvinklar. Abish fortsette dei språkleg elegante satirane sine i den siste romanen sin, Eclipse Fever (1993), som fekk ei blanda mottaking.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Duel Site – dikt, 1970[2][5]
- Alphabetical Africa[2] – roman, 1974 ISBN 978-0-8112-0533-7
- Minds Meet[2] – sogesamling, 1975 ISBN 978-0-8112-0557-3
- In the Future Perfect[2] – sogesamling, 1977 ISBN 978-0-8112-0659-4
- How German Is It (Wie deutsch ist es)[2] – roman, 1980 ISBN 978-0-8112-0776-8
- 99: The New Meaning[2] – sogesamling, 1990 ISBN 978-0-930901-66-0
- Eclipse Fever[2] – roman, 1993 ISBN 978-0-679-41867-2
- Double Vision: A Self-Portrait[2] – memoar, 2004 ISBN 978-0-679-41868-9
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Evelyn Blackwell (31. mai 2022). «Walter Abish, Daring Writer Who Pondered Germany, Dies at 90». worldnewsera.com.
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Cowell, Alan (31. mai 2022). «Walter Abish, Daring Writer Who Pondered Germany, Dies at 90». The New York Times. Henta 1. juni 2022.
- ↑ Taylor, Robert (9. juli 1974). «A to Z and back again». Boston Globe. s. 35. Henta 25. juni 2022 – via Newspapers.com.
- ↑ Handler, Daniel (November 18, 2001). «Island of Lost Letters». New York Newsday. s. B16. Henta 25. juni 2022 – via Newspapers.com.
- ↑ Abish, Walter (1970). Duel Site. Tibor de Nagy.
- Denne artikkelen bygger på «Walter Abish» frå Wikipedia på svensk, den 30. juli 2023.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Nationalencyklopedin. CD-utgåva 2000.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Alphabetical Africa» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2023.