Kiosk
Utsjånad
Kiosk er ein butikk i mindre format. Han kan vera ein frittståande bygning, ei bu, med opning på ei side for betening, eller vera eit mindre lokale i ein større bygning.[1]
Ordet «kiosk» stammar frå det tyrkiske köşk, som tyder ‘paviljong’. Det tyrkiske ordet kjem i sin tur frå persisk kūskh, ‘palass’, ‘portiko’.[2]
Ein kiosk har eit avgrensa vareutval. Det finst fleire typar kioskar. Det er gatekjøken, som satsar på hurtigmat som pølser og hamburgarar. Det er videokioskar som i tillegg til sal av mat sel og leier ut filmar. Det er bladkioskar som har eit stort utval av norske og utanlandske blad, aviser og magasin, men også litt bøker.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
«Tyrihans-kiosk» på Bragernes torg i Drammen på 1920- eller 1930-talet. «Tyrihans» blei teikna av arkitektane Carl Buch og Lorentz Harboe Ree.Foto: Riksarkivet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «kiosk» i Nynorskordboka.
- ↑ «s.v. “kiosk, n.”». Oxford English Dictionary. Henta september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kioskdøden – NRK Møre og Romsdal