Aust-Agder fylke
Aust-Agder fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Sørlandet | ||
Adm.senter | Arendal | ||
Areal | 9 158 km² | ||
• land | 8 353 km² | ||
• vatn | 805 km² | ||
Folketal | 117 655 (1. januar 2019)[1] | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Stein A. Ytterdal | ||
Fylkesordførar | Tellef Inge Mørland (Ap) | ||
Fylkesnummer | 09 | ||
Aust-Agder fylke 58°34′00″N 8°34′00″E / 58.566666666667°N 8.5666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Aust-Agder | |||
Nettstad: www.austagderfk.no |
Aust-Agder er eit tidlegare norsk fylke som grensa til Telemark, Rogaland og Vest-Agder. Det hadde kystlinje mot Skagerrak.
Aust-Agder fylke svara for det meste til området som inntil 1918 hadde namnet Nedenes amt. I 2020 blei det del av nye Agder fylke.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Namn | Folkemengd | Flatevidd km² |
---|---|---|---|
0901 | Risør | 193 | |
0904 | Grimstad | 304 | |
0906 | Arendal | 270 | |
0911 | Gjerstad | 322 | |
0912 | Vegårshei | 356 | |
0914 | Tvedestrand | 218 | |
0919 | Froland | 645 | |
0926 | Lillesand | 190 | |
0928 | Birkenes | 674 | |
0929 | Åmli | 1 131 | |
0935 | Iveland | 262 | |
0937 | Evje og Hornnes | 550 | |
0938 | Bygland | 1 312 | |
0940 | Valle | 1 265 | |
0941 | Bykle | 1 467 | |
Totalt | Aust-Agder | ' | 9 158 |
Tettstadene i fylket
[endre | endre wikiteksten]68,2 % av dei som bur i fylket bur i tettstader. Det er fem stader som kallar seg by: Arendal, Grimstad, Lillesand, Risør og Tvedestrand.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Sørlege område av Aust-Agder har liknande klima som dei nærliggande områda av Austlandet og er godt skjerma mot vest. Heiane omkring Setesdalen er derimot utsett for byer frå vest. Sjøen utanfor kysten er relativt varm om sommaren, men kald om vinteren, og stundom med havis. Om vinteren bles det oftast frå nordaust ved kysten og meir nordleg inne i landet. Om sommaren bles det oftast frå sørvest ved kysten, stundom opp mot liten kuling. Innover i landet er vinden meir sørleg sommarstid. I finvêr er ofte solgangsbrisen dominerande.
Januar og februar er dei kaldaste månadane med middeltemperaturar kring −1 °C ved kysten og −3 til −5 °C lenger inne i landet. Lengst nord går midlane ned mot −7 til −8 °C. Juli er den varmaste månaden med temperaturar kring 17 °C like innanfor kysten. Litt lenger inne i landet 14 til 16 °C og i dei høgaste strøka lengst nord 12 °C.
Kysten er solrik, medan ein innover land finn meir vekslande skydekke og fleire byer. Årsnedbøren varierer frå kring 900 mm ute ved kysten til kring 1400 mm 20–30 km frå kysten, medan dei indre dalstrøka kan ha under 1000 mm. Enkelte år kan møtet mellom kald luft frå aust og fuktig luft frå Nordsjøen føre til store snømengder.
Det opptrer tåke på kysten 3-4 % av året, men hyppigast om våren når varm luft strøymer over det kalde sjøvatnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Aust-Agder – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019.