Cardiff
Cardiff | |||
Caerdydd | |||
by | |||
Motto: Y ddraig goch ddyry cychwyn «Den raude draken vil syne vegen» | |||
Kallenamn: City of Arcades[1] | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Wales | ||
Areal | 140,3 km² | ||
Folketal | 361 469 (2016)[2] | ||
Postnummer | CF | ||
Retningsnummer | 029 | ||
Cardiff 51°28′54″N 3°10′45″W / 51.481666666667°N 3.1791666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Cardiff |
Cardiff (walisisk Caerdydd, frå caer, «fort» og dytt, «Antonius Didius») er hovudstaden i Wales. Cardiff har vore den største byen i Wales sidan midten av 1800-talet, då koleksporten eksploderte og gjorde Cardiff til den viktigaste hamnebyen i Wales.[3] Cardiff vart hovudstad i 1955,[4] og den walisiske nasjonalforsamlinga, skipa i 1999,[5] ligg i byen .Han ligg i det verna grevskapet Glamorgan i det sørlege Wales, og har sidan 1996 vore eit sjølvstyrt hovudområde.
Ved folketeljinga i 2001 fann ein at han hadde 305 353 innbyggjarar, noko som gjorde han til den 16. største byen i Storbritannia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein var lenge i tvil om tydinga av det walisiske namnet på byen, Caerdydd. Caer, «fort», var uproblematisk, men dytt tyder «dag» på moderne walisisk, og dette gav inga skikkeleg meining. Ein trudde lenge at det kunne vere ei forvansking av namnet på elva Taff, som byen ligg ved, altså «forta ved Taff». Nyare forsking har avvist dette, og ein har funne ut av romaren Antonius Didius bygde eit fort der byen ligg, og at Dydd er ein forvansking av Didius. Det finst ingen kjende restar etter det romerske fortet, men eit normannisk slott, Cardiff slott, på same stad er bevart. Det vart utvida og ombygd i viktoriansk tid av John Patrick Chrichton-Stuart, 3. marki av Bute og arkitekten William Burges.
Nok eit slott, Castell Coch («det raude slottet») ligg nordvest for sentrum. Dette er ein viktoriansk folly teikna av Burges for markien, og bygd i 1870-åra. Eksteriøret har vorte brukt under innspeling av fleire fjernsynsserier, som ITV-serien «The Worst Witch».
Kultur, medium, sport og turisme
[endre | endre wikiteksten]Cardiffs fotballag, Cardiff City, spelar i det engelske Football League Championship og vann FA-cupen i 1927. Cardiff husar òg Millennium Stadium, som er landslagsstadion for fotball og rugby i Wales. Andre idrettslag i byen er Glamorgans grevskapslag i cricket, Blues i rugby union og ishockeylaget Devils.
I 1958 vart Samveldeleikane arrangert i Cardiff.
I tillegg til Cardiff slott, Castell Coch og bygget til nasjonalforsamlinga finn ein Det nasjonale museet og galleriet og Cathays Park. I sistnemnde ligg bygningane til lokaladministrasjonen, som er reist etter modell av tilsvarande bygningar i New Delhi. Den walisiske operaen flytta inn i Wales Millennium Centre i november 2004.
Byen har eit eige universitet, Cardiff University, og i tillegg til to høgskular og eit institutt tilhøyrande University of Wales og Royal Welsh College of Music and Drama.
Cardiff var vertskap for den nasjonale kulturtevlinga Eisteddfod i 1883, 1899, 1938, 1960 og 1978.
Det har òg vore ei norsk kyrkje i byen. Kyrkja blir no brukt som kunstsenter.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Landsbygda utanfor Cardiff
-
Utsikt austover frå Caerphilly Mountain.
-
Cardiffs M4 som går gjennom Lisvane
-
Newport Road i Cardiff sentrum
-
Sauer i Cardiff
-
Sti rundt toppen av Caerphilly-fjellet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Arcades were Victorian version of St David’s 2». Media Wales. Henta 8. juli 2011.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://statswales.gov.wales/Catalogue/Population-and-Migration/Population/Estimates/Local-Authority/populationestimates-by-localauthority-year; arkiveringsdato: 20. juni 2018; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20180620101839/https://statswales.gov.wales/Catalogue/Population-and-Migration/Population/Estimates/Local-Authority/populationestimates-by-localauthority-year.
- ↑ The Welsh Academy Encyclopedia of Wales. Cardiff: University of Wales Press 2008.
- ↑ "Cardiff as Capital of Wales: Formal Recognition by Government". The Times, 21. desember 1955.
- ↑ Auditor General for Wales report published 31 January 2001: National Assembly for Wales - 1999-2000 account Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine., henta 19. mai 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cardiff» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juli 2011.