Guangdong
Guǎngdōng | |||
广东 | |||
provins | |||
Fleire namn: Canton, Kwangtung[1] | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Søraust-Kina | ||
Areal | 179 800 km² | ||
Folketal | 106 440 000 (2013)[2] | ||
Guangdong 23°24′N 113°30′E / 23.4°N 113.5°E | |||
Guangdong i Kina.
| |||
Wikimedia Commons: Guangdong |
Guangdong (forenkla kinesisk 广东, pinyin Guǎngdōng) er ein provins sør i Folkerepublikken Kina. Provinsen dekker ei flatevidd på 179 800 km².[3] Folketalet vart i 2021 berekna til 126,84 millionar.[4]
Guangdong har kyst mot ved Sør-Kina-havet og grensar mot provinsane Fujian, Hainan, Hunan, Jiangxi, den autonome regionen Guangxi og dei særleg administrerte regionane Hong Kong og Macao. Guangzhou er hovudstad i provinsen. Andre større byar er Shantou, Shenzhen, Zhanjiang og Zhuhai.
Namnet Guangdong (kinesisk skrift 廣東, pinyin Guǎngdōng) tyder 'vidare aust', og stammar frå den tida då Guangdong var skilt frå kinesarane, og enno var eit vidt, ubefolka landområde.
Geografi
Guangdong har ei 3 368 km lang kystline mot Sør-Kina-havet.[5] I sørvest ligg halvøya Leizhou, sør for spissen av halvøya finn ein øyprovinsen Hainan.
Landområda sør i provinsen er delt i to av Perleelva (Zhu Jiang). Sjølv om elva er einast 177 km lang, er ho ein av dei viktigaste vassvegane i Kina. Vassvegen tek til på deltaet til Perleelva, der ho møter tre store elvar. Det er den 2 197 km lange Vestelva (Xi Jiang), lenger oppe møter ho Nordelva (Bei Jiang, 468 km), og sør for Guangzhou renn Austelva (Dong Jiang, 523 km) ut i Perleelva. Den store elvesletta, der Perleelva munnar ut i havet, er eit viktig landbruksområde og har i dei siste 20 åra vore brennpunktet for den økonomiske boomen i provinsen.
Ein halvdel av provinsen består av fjell og platå. Nan Ling og andre fjellkjeder i nord skil Sør-Kina frå det sentrale Kina. Høgste punktet i provinsen er Shikengkong på grensa til Hunan med sine 1 902 meter.[5]
Klima
Guangdong har eit fuktig subtropisk klima, heilt i sør har ein nærast tropisk klima. Vintrane er korte, milde, og relativt tørre, medan somrane er lange, heite, og svært våte. Dagstemperaturane i Guangzhou er i januar gjennomsnittleg 18 °C, i juli 33°. Den store luftfuktigheita gjer at det om sommaren kjennest mykje heitare enn det termometeret viser. Frost er sjeldan på kysten, men kan i innlandet skje nokre få dagar kvar vinter. Frå mai til november kan tyfonar råka kystområda.[5]
Folkesetnad
Guangdong gjekk forbi Henan og Shandong som den folkerikaste provinsen i Kina i januar 2005, med 79,1 millionar registrerte permanente innbyggjarar og 31 millionar migrantar som budde i provinsen i minst seks månader av året.[6][7] Ved folketeljinga i 2020 var det totale folketalet 126 012 510, 8,93 prosent av innbyggjarane i Kina.[8] I 2021 var folketalet i Guangdong rekna til 126,84 millionar.
Provinsen har hatt stor innvandring av arbeidssøkarar. Medrekna dei arbeidarane frå andre provinsar som bur i Guangdong, reknar ein at minst 110 millionar menneske lever i provinsen til ei kvar tid.[9]
98,6 % av innbyggarane i provinsen er registrert som han-kinesarar. Den største undergruppa av han-kinesarar er kantonesarar, andre slike er teochew i Chaoshan og hakkaer i Meizhou. I nord finst ei lita gruppe av yaofolk. Andre etniske minoritetsgrupper er shefolk, miao, likinesarar, og zhuangfolk.
Dei fleste kinesarane som i det 19. og tidlege 20. hundreåret utvandra til andre land i Asia og til Nord-Amerika, kom frå Guangdong.
Næringsliv
Guangdong er den rikaste provinsen i Kina,[5] og har det høgste bruttonasjonalprodukt av alle provinsane. Ca. 12 % av den totale, nasjonale økonomien vert generert i Guangdong. Saman med Shanghai er provinsen leiande i Kinas økonomiske utvikling. Lønnsveksten har byrja stige fyrst dei seinare åra, stor tilstrøyming av arbeidsinnvandrarar frå naboprovinsar er ein vesentleg grunn til at lønnskostnadene har kunne haldast nede. Internt er det store skilnader i økonomien, fjellområda i dei indre delane av Guangdong er like fattige som andre fattige område i Kina. Områda rundt deltaområdet til Perleelva er dei mest utvikla.
Deng Xiaoping sin open dør-politikk endra radikalt økonomien i provinsen, ettersom ein drog nytte av tilgangen til havet og sjøfarten. Dessutan hadde ein fordel av den geografiske nærleiken til Hong Kong og av dei historiske banda til utanlandskinesarar i mange ulike land.
Sidan omkring 1990 har det vore ein kolossal vekst i eksportorientert, arbeidsintensiv industriproduksjon. Elektriske og elektroniske hushaldningsapparat, kontorutstyr, tekstilar, kjemikaliar, medisinar og matvarer er mellom dei vareslag det vert produsert store mengder av. Attåt hovudstaden Guangzhou har det vakse fram store industrisenter i Dongguan, Jiangmen, Nanhai, Shantou, Shunde, Zhongshan og Zhuhai.
Tungindustrien omfattar nokre mindre stål- og jarnverk i hovudstaden Guangzhou og i Shaoguan i nord. I den vestlege delen av provinsen er Zhanjiang og Maoming dei industrielle sentra med petroleumsraffineri, tekstilproduksjon, papirindustri og bearbeiding av mat- og drikkevarer.
Mineralreservane av jarnmalm er mellom dei største i Kina. Det elektriske energibehovet vert dekt av vasskraft, varmekraft og kjernekraft og gjennom importert kraft.
Landbruket spelar økonomisk ei mindre rolle i Guangdong enn i andre provinsar. Viktigaste jordbrukslandet finst i deltaområdet, Chaoshan-området og på kystslettene. Risproduksjonen dekker knapt behovet til provinsen, elles er grønsaker og søtpoteter viktige landsbruksvarer. Guangdong er den største produsenten av sukkerrøyr i Kina, avlingane kjem frå deltaområda og kystområda. Bananar og appelsinar er viktigaste fruktslaga, i mindre grad ananas og kinaplommer. Avl av silkeorm er ganske omfattande, ofte i samband med produksjon av morbær og oppdrett av fisk. Andre salsprodukt er gummi, kokosnøtter, jordnøtter, sisalhamp og pepar. Husdyra er fremst svin, storfe og fjørfe. Fiskefangstane er dei største i Kina, der over 40 % er ferskvassfisk.
Historie
Guangdong var i tidleg historisk tid busett av eit folk kjent som baiyue. Dei kan ha vore tai-kadai-talarar og såleis i slekt med zhuangtalarar i dagens Guangxi.
Kinesisk styringsmakt over området tok til under Qin-dynastiet. Han-dynastiet rådde over ein provins som vart kalla Jianzhou, han omfatta dagens Guangdong, Guangxi og Nord-Vietnam. Under kongeriket Wu var Guangdong frå 226 ein eigen provins, kalla for Guang.
Fleire store innvandringsbølgjer frå nord endra samansetninga mellom dei etniske folkegruppene. Mange han-kinesarar innvandra til Guangdong i periodar då nomadar angreip Han-dynastiet frå nord, og elles i tider med stor politisk uro i keisarriket. Interne stridar i det nordlege Kina etter An Lushan-opprøret førte til at folketalet i prefekturet Guangzhou auka med 75% i tida mellom 740-750-talet og 800-810-åra. Dei lokale folkegruppene kom etterkvart i mindretal og vart gradvis assimilert til hankinesisk kultur, eller dei vart fordrivne. Saman med Guangxi vart Guangdong i 627 underTang-dynastiet ein del av eit eige rettsområde, kalla Lingnan.
På 1200-talet dreiv mongolske herskarar på med å erobre Kina. Det sørlege Song-dynastiet sitt maktfelt vart flytta sørover, og enda til sist opp i dagens Guangdong. Slaget ved Yamen i 1279 i Guangdong markerte slutten på det sørlege Song-dynastiet. Under det mongolske Yuan-dynastiet høyrde store delar av dagens Guangdong til Jiangxi-provinsen. Sitt noverande namn fekk provinsen i byrjinga av Ming-dynastiet.
Sidan 1500-talet har Guangdong hatt omfattande handelssamband med resten av verda. Europeiske handelsmenn kom nordover gjennom Malakkasundet og over Sør-Kina-havet, særleg portugisiske og britiske, og handla i stor utstrekning gjennom Guangzhou. Frå 1557 var Macao, på sørkysten av Guangdong, den første europeiske busettinga.
På 1800-talet utløyste opiumhandel gjennom Guangzhou dei såkalla opiumskrigane. Utanlandske statar angreip Kina og tok kontroll over hamnebyar, og tvinga landet til å opne seg for utanlandske handelsinteresser. I tillegg til den portugisiske kolonien Macao vart Hong Kong avstått til Storbritannia og Kwang-Chou-Wan til Frankrike. Alle desse koloniane låg på kysten av Guangdong. På 1800-talet utvandra elles store mengder arbeidarar frå Guangdong til Søraust-Asia og til USA og Canada.
Taipingopprøret, som braut ut i 1850, leidde til ein borgarkrig som kom til å omfatte mesteparten av det sørlege Kina. Med si direkte kontakt med vestlege førestillingar, vart Guangdong sentrum for anti-mandsjuisk og anti-imperialistisk aktivitet. Opprøsleiaren Hong Xiuquan var elles fødd i Guangdong.
Tidleg på 1920-talet var Guangdong oppmarsjområde for Kuomintang sine styrkar i førebuinga til Nordekspedisjonen. Denne hæren, og krigane som følgde, bringa dei ulike krigsherrane i Kina tilbake under sentralregjeringa.
I dei siste tiåra har provinsen hatt svært snøgg økonomisk vekst, delvis framhjelpt av sitt nære handelssamkvem med Hong Kong. Guangdong er på 2000-talet den provinsen i Kina med høgst bruttonasjonalprodukt.
Øya Hainan var fram til 1988 ein del av Guangdong. Ho vart då skilt ut som eigen provins.[5]
Administrasjonseiningar
Guangdong er delt i 21 einingar på prefekturnivå (to subprovinsielle byar og 19 byprefektur).
Kart | # | Namn | Hanzi | Pinyin | Administrasjonssete |
---|---|---|---|---|---|
— Subprovinsielle byar — | |||||
9 | Guangzhou | 廣州市 | Guǎngzhōu Shì | Yuexiu | |
21 | Shenzhen | 深圳市 | Shēnzhèn Shì | Futian | |
— Byprefektur — | |||||
1 | Qingyuan | 清遠市 | Qīngyuǎn Shì | Qingcheng | |
2 | Shaoguan | 韶關市 | Sháoguān Shì | Zhenjiang | |
3 | Heyuan | 河源市 | Héyuán Shì | Yuancheng | |
4 | Meizhou | 梅州市 | Méizhōu Shì | Meijiang | |
5 | Chaozhou | 潮州市 | Cháozhōu Shì | Fengxi | |
6 | Zhaoqing | 肇慶市 | Zhàoqìng Shì | Duanzhou | |
7 | Yunfu | 雲浮市 | Yúnfú Shì | Yuncheng | |
8 | Foshan | 佛山市 | Fóshān Shì | Chancheng | |
10 | Dongguan | 東莞市 | Dōngguǎn Shì | Dongguan | |
11 | Huizhou | 惠州市 | Hùizhōu Shì | Huicheng | |
12 | Shanwei | 汕尾市 | Shànwěi Shì | Chengqu | |
13 | Jieyang | 揭陽市 | Jiēyáng Shì | Rongcheng | |
14 | Shantou | 汕頭市 | Shàntóu Shì | Jinping | |
15 | Zhanjiang | 湛江市 | Zhànjiāng Shì | Chikan | |
16 | Maoming | 茂名市 | Màomíng Shì | Maonan | |
17 | Yangjiang | 陽江市 | Yángjiāng Shì | Jiangcheng | |
18 | Jiangmen | 江門市 | Jiāngmén Shì | Pengjiang | |
19 | Zhongshan | 中山市 | Zhōngshān Shì | Zhongshan | |
20 | Zhuhai | 珠海市 | Zhūhǎi Shì | Xiangzhou |
Dei 21 einingane på prefekturnivå er delt i 121 einingar på fylkesnivå (55 distrikt, 23 byfylke, 41 fylke og 3 autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i til saman 1 585 einingar på kommunenivå (1 145 bykommunar, 4 landkommunar, 7 etniske landkommunar og 429 subdistrikt).
Kjelder
- ↑ «Guangdong». Store norske leksikon. Henta 5. oktober 2019.
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 http://data.stats.gov.cn/english/easyquery.htm?cn=E0103.
- ↑ «Doing Business in China – Survey». Ministry Of Commerce – People's Republic Of China. Arkivert frå originalen 5. august 2013. Henta 5. august 2013.
- ↑ «National Data». National Bureau of Statistics of China. 1. mars 2022. Henta 23. mars 2022.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Guangdong» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ English people.com.cn Arkivert 10 March 2006 ved Wayback Machine.
- ↑ «Chinadaily.com». Chinadaily.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2012. Henta 25. april 2012.
- ↑ «Communiqué of the Seventh National Population Census (No. 3)». National Bureau of Statistics of China (på engelsk). 11. mai 2021. Arkivert frå originalen 11. mai 2021. Henta 11. mai 2021.
- ↑ media163, arkivert frå originalen 25. juni 2012, henta 13. mars 2011
- Denne artikkelen bygger på «Guangdong» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2011.