Hopp til innhald

Habitat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 31. desember 2019 kl. 12:14 av CommonsDelinker (diskusjon | bidrag) (Bot: Erstattar African_Elephant_distribution_map_2.svg med African_Elephant_distribution_map_without_borders.svg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Habitatet til svartbak.
Det oppstykka habitatet til afrikansk elefant.

Habitat (av latin habitare, '[det] bur') er den konkrete staden der ei levande organisme (enkeltvis eller i samfunn) lever og utviklar seg. Omgrepet blir ofte brukt delvis synonymt med biotop, som ein i skandinavisk og tysk tradisjon bruker om ei overordna eining som inneheld fleire habitat. Felles for omgrepa er at ein brukar dei om eit konkret leveområde for organismar der levevilkåra er definert gjennom ulike miljøfaktorar.

Habitat kan påverkast av biotiske og abiotiske faktorar. Dei biotiske faktorane kan til dømes vera tilhøvet mellom ulike artar og korleis dette påverkar bestanden deira i habitatet. Viktige abiotiske faktorar er geologi og klima.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.