Hopp til innhald

Beltereim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. mars 2016 kl. 12:16 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Fjerner malen 'Commonskat', lekk i sidestolpen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Belte.

Belte, beltereim eller livreim er eit tilleggsplagg som sit rundt livet og blir brukt til å halda klede på plass, eller til å halda styr på reiskapar og liknande. Eit belte kan også bli bruka som pynt—som blikkfang eller for å framheve kroppen.

Ein mann utkledd som sjørøvar bruker beltet som del av kostymet og til å ha våpen og hanskar i.

Eit belte blir ofte laga av lêr eller kunststoff og noko sjeldnare i mindre hardføre naturstoff. Dei kan bli stramma ved hjelp av ei spenne som blir festa i hòl laga med regelmessige intervall, eller trinnløs stramming.

Eit belte kan òg brukast til å halde våpen eller reiskapar på plass, eller å feste sikkerheittau i ved byggjearbeid eller fjellklatring.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]