Hopp til innhald

Hellandsbygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 14:46 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)

Hellandsbygd er ei bygd og ein liten tettstad i Sauda kommune, ved riksveg 520 mot Røldal. Hellandsbygd ligg ved Storlivatnet kring 16 km frå Sauda sentrum. I bygda ligg det ein liten skule, kapellet Hellandsbygd kapell og fleire vasskraftverk. Sauda I er det eldste kraftverket frå 1920. Sauda IV vart opna i 1970. Kraftverka leverer mellom anna straum til Sauda Smelteverk. Røldalsvegen mellom Hellandsbygd og Røldal er vinterstengd.