Heipiplerke
Heipiplerke | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Passeriformes | |
Familie: | Motacillidae | |
Slekt: | Anthus | |
Vitskapleg namn | ||
A. pratensis |
Heipiplerke (Anthus pratensis) er ein fugl i erlefamilien.
Utsjånad og læte
Heipiplerka er knapt 15 cm lang og dermed noko mindre enn trepiplerka som elles liknar mykje. Samanlikna med denne er heipiplerka litt gråare i fargen og brystet er mindre gulaktig og finare streka. Bakkloa hos heipiplerka er mykje lengre enn på trepiplerka. Beina er raudaktige og nebben tynn og spiss.
Lokkelåten til heipiplerka er eit skarpt "ist" eller "ististist", i nærleiken av reiret høyrest ofte eit uthaldande og monotont "tlitlitli". Songen, som fuglen framfører i korte songflukter, er høg og fin. Fuglen startar å synge før songflukta, og stig deretter opp frå ei tue eller ein stein, og vender i regelen ikkje attende til utgangspunktet når han glir ned.
I felt kjenner ein heipiplerka frå trepiplerka snarare på grunn av omgjevnaden og læta enn på utsjånaden. Heipiplerka si songflukt er heller ikkje like iaugefallande som trepiplerka si.
Utbreiing
Heipiplerka hekkar i dei fleste område i det nordlege Eurasia og også på austsida av Grønland[1]. Storparten av verdspopulasjonen er trekkfuglar som overvintrar i vestre og sørlege deler av Europa, det nordlege Afrika og søraust i Asia. Fuglane som hekkar på dei britiske øyane og i kystområda vest på det europeiske fastlandet er derimot standfuglar.
Taksonomi
Heipiplerka vert delt opp i to underarter:
- Anthus pratensis pratensis - storparten av verdspopulasjonen høyrer til nominatforma.
- Anthus pratensis whistleri (Clancey, 1942) - standfugl på Irland og i det vestreSkottland.
Førekomst i Noreg og trekktilhøve
Heipiplerka er ein av dei vanlegaste fugleartane i Noreg, og bestanden har vore rekna til godt over 1 million par. Ho trivst best til fjells i område med lite vegetasjon, i vierregionen og lavregionen, på myrer i bjørkebeltet og til dels også i lågareliggande område, og på opne heier langs kysten. Ho er vanleg over det meste av landet, men i søraust er ho sjeldan, og skyr skogen, og om sommaren også jordbrukslandskapet.
Heipiplerkene dreg ut av landet i september-oktober, og kjem attende i april-mai. På trekket sørover ser ein fuglane ofte i flokkar i ope lende og ved vatn. Dei overvintrar rundt Middelhavet og i Vest-Europa frå Belgia og sørover.
Biotop og hekking
Heipiplerka hekkar i ope lende. Reiret vert lagt på marka, oftast gøymd inn under ei tue, og er eit lite byggverk av strå og mose fora med hår. Hoa legg til vanleg 4-6 lyst grå flekkete egg som vert ruga i 13 dagar. Ungfuglane vert sidan mata av begge foreldra i12 til 14 dagar. Heipiplerka er ein av dei vanlegaste vertsfuglane for gauken sin unge.
Føde
Heipiplerkene livnærer seg i sommarhalvåret hovudsakleg på små dagaktive insekt og edderkoppdyr av alle slag, i vinterhalvåret også på små sniglar og frø.
Referansar
Noter
- ↑ Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
Kjelder
- Svensk Wikipedia.
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Wiesenpieper i tyskspråkleg Wikipedia 14 august 2005
- Du måste ange titel= när {{bokref}} används.
- Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom