Frode Fjellheim: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 6: | Line 6: | ||
Sidan [[1997]] har han òg komponert filmmusikk for [[NRK]] og [[Lars Rasmussen]] sine barnefilmar. |
Sidan [[1997]] har han òg komponert filmmusikk for [[NRK]] og [[Lars Rasmussen]] sine barnefilmar. |
||
På [[1990- |
På [[1990-talet]] gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «[[Transjoik]]», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino». |
||
Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er [[Iren Reppen]], [[Annbjørg Lien]], [[Sverre Porsanger]], [[Ella Holm Bull]], [[Tone Hulbækmo]], Ulla Pirttijärvi og [[Kolbjørn Botten]]. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, [[Vuelie]]. |
Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er [[Iren Reppen]], [[Annbjørg Lien]], [[Sverre Porsanger]], [[Ella Holm Bull]], [[Tone Hulbækmo]], Ulla Pirttijärvi og [[Kolbjørn Botten]]. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, [[Vuelie]]. |
Versjonen frå 28. mars 2014 kl. 14:46
Frode Fjellheim (fødd i Mosjøen 27. august 1959) er ein sørsamisk musikar (piano og synthesizer) og vokalist (joik), utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium (1980–84) og busett i Trondheim der han har vore frilansmusikar og komponist, bl.a. i oppsetningar ved Trøndelag Teater, med Rikskonsertane.
Han har skrive bestillingsverk til bl.a. Festspela i Nord-Noreg (2000) og Telemarkfestivalen (Sørsamar rundt Hardangervidda med bl.a. Transjoik, 2003), og Vinterfestuka i Narvik (Àhkunjárga eller Tøtta sitt ness, 2006)
Sidan 1997 har han òg komponert filmmusikk for NRK og Lars Rasmussen sine barnefilmar.
På 1990-talet gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «Transjoik», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino».
Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er Iren Reppen, Annbjørg Lien, Sverre Porsanger, Ella Holm Bull, Tone Hulbækmo, Ulla Pirttijärvi og Kolbjørn Botten. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, Vuelie.
Utgjevingar
- Sangen vi glemte – Mijjen Vuelieh, (Iđut 1991)
- Frode Fjellheims Jazz Joik Ensemble, Saajve Dans (Iđut 1994)
- Joik for kor, (Vuelie 2002)
- Aejlies Gaaltije – den hellige kilden (Vuelie 2004)
- Med joik som utgangspunkt, (Vuelie 2004)
Prisar
- Statens arbeidsstipend (1993–1996).
- Spellemannprisen 2004 åpen klasse, for Aejlies Gaaltije – the Sacred Source
- Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, 2007
Eksterne lenkjer
- vuelie.no, nettstaden hans