Frode Fjellheim: Skilnad mellom versjonar
Omsett artikkel frå nb:Frode Fjellheim, sjå der for bidragsytarar og historikk. |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 30: | Line 30: | ||
[[Kategori:Norske jazzkomponistar]] |
[[Kategori:Norske jazzkomponistar]] |
||
[[Kategori:Fødde i 1959]] |
[[Kategori:Fødde i 1959]] |
||
[[Kategori:Folk frå Vefsn |
[[Kategori:Folk frå Vefsn]] |
||
[[Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen]] |
[[Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen]] |
Versjonen frå 28. mars 2014 kl. 14:39
Frode Fjellheim (fødd i Mosjøen 27. august 1959) er ein sørsamisk musikar (piano og synthesizer) og vokalist (joik), utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium (1980–84) og busett i Trondheim der han har vore frilansmusikar og komponist, bl.a. i oppsetningar ved Trøndelag Teater, med Rikskonsertane.
Han har skrive bestillingsverk til bl.a. Festspela i Nord-Noreg (2000) og Telemarkfestivalen (Sørsamar rundt Hardangervidda med bl.a. Transjoik, 2003), og Vinterfestuka i Narvik (Àhkunjárga eller Tøtta sitt ness, 2006)
Sidan 1997 har han òg komponert filmmusikk for NRK og Lars Rasmussen sine barnefilmar.
På 1990-tallet gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «Transjoik», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino».
Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er Iren Reppen, Annbjørg Lien, Sverre Porsanger, Ella Holm Bull, Tone Hulbækmo, Ulla Pirttijärvi og Kolbjørn Botten. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, Vuelie.
Utgjevingar
- Sangen vi glemte – Mijjen Vuelieh, (Iđut 1991)
- Frode Fjellheims Jazz Joik Ensemble, Saajve Dans (Iđut 1994)
- Joik for kor, (Vuelie 2002)
- Aejlies Gaaltije – den hellige kilden (Vuelie 2004)
- Med joik som utgangspunkt, (Vuelie 2004)
Prisar
- Statens arbeidsstipend (1993–1996).
- Spellemannprisen 2004 åpen klasse, for Aejlies Gaaltije – the Sacred Source
- Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, 2007
Eksterne lenkjer
- vuelie.no, nettstaden hans