Urdu-skriftspråket byggjer, som hindi, på dialekten i Delhi, hovudstaden i Mogulriket, men urdu-litteraturen oppstod i utkanten av riket i Sør-India på 1300-talet. Frå perioden 1350 til cirka 1600 finst det ei rekkje religiøse verk på vers. Prosaen vart òg tidleg dyrka. Verdslege motiv vart behandla dikterisk av Muhammad Quli Qutb Shah, konge av Golkonda i 1580–1611. Litteraturen på «sørleg urdu», dakani (av Dakan, 'Syden, Deccan'), er formelt sett enklare, men meir indisk i val av emne enn seinare dikting, som er nært knytt til persiske tradisjonar.
Den viktigaste litterære sjangeren i urdulitteraturen er ghazal, odar om vin og kjærleik som ofte kan tolkast allegorisk som uttrykk for lengselen til sjela etter Gud (sjå sufisme). Liknande dikt, men ofte noko lengre, er qasida, forteljande dikt som gjerne blir avslutta med panegyrikk. Populær blant sjiamuslimar er òg marsiya, sørgeodar, ofte over martyrane Hasan og Husain, men ikkje sjeldan over avdøde venner og slektningar. Meir omfattande emne vart behandla i mathnawi. Innhaldet kan vere romantisk, religiøst eller vitskapleg.
Dakani-diktaren Vali (1667–1741) var svært viktig for urdulitteraturen. Han slo seg ned i Delhi, viste den urdutalande byen at det gjekk an å bruke språket til litteratur og gav støyten til ei litterær blomstring som omfatta ei rekkje viktige diktarar: satirikaren Mirza Muhammad Sauda (1713–1780), ghazal-songarane Mir Taqi Mir (1724–1810) og Mir Dard (1719–1785), elegikaren Mir Babar Anis (1802–1874), medan Nazir Akbarabadi (1740–1830) i sine dikt gav levande bilete av folkelivet.
Den siste av stormogulane, Bahadur Shah Zafar (1775–1862), var sjølv ein betydeleg diktar. Den største og mest universelle av alle urdudiktarane, Mirza Asadullah Ghalib (1797–1869), som dikta på både persisk og urdu, sørgjer i sine ghazalar over Mogulrikets tapte stordom, men gjer samtidig opprør mot banda frå religionen og tradisjonane. Den siste store klassikaren var Navvab Mirza Dagh (1831–1905). Altaf Husain Hali (1837–1914) tilpassa i sitt lange dikt om islams stordom og forfall dei klassiske formene til nye emne. Diktaren og filosofen Muhammad Iqbal (1877–1938) førte denne utviklinga vidare.
Dei moderne diktarane i India og Pakistan nyttar i ei viss grad dei gamle formene, men mange skriv frie vers etter europeiske førebilete. Akbar Allahabadi (1846–1921) åtvara mot ei slik utvikling, og lyrikaren Faiz Ahmad Faiz (1912–1984) viste at den klassiske ghazalen lèt seg bruke til ei høgst original dikterisk behandling av sosialistiske idear.
Dei poetiske tradisjonane var svært sterke på urdu, og det tok lang tid før prosaen vart fullt utvikla. Britane hadde fått laga prosaverk til skulebruk, og det fanst frå før romantiske og fantastiske folkebøker (dâstân). Men først i 1899 kom ein roman av varig verdi, av Muhammad Hadi Rusva (1858–1931), der ei kurtisane frå det gamle Lucknow beretter om sitt liv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.