Stadnamnlova er ei norsk lov som har som formål å ta vare på stadnamn som kulturminne og å gi felles reglar for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Stadnamnlova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Bakgrunnen for lova var å klargjera ansvarsforhold og gi retningslinjer for korleis stadsnamn skal skrivast, og også gi ein klarare formell heimel for det offentlege til å fastsetje og bruke visse skriftformer av stadnamn.
Faktaboks
- Fullt namn
- lov om stadnamn
- Kortnamn
- stadnamnlova
- Forkorting
- stadnl.
- Også kjend som
-
stedsnavnloven
- Vedteken
- 18.5.1990
- Tredd i kraft
- 1.7.1991
- Sist endra
- 1.6.2021
- Lovdata-ID
- NL/lov/1990-05-18-11
Lova omfattar kven som kan reisa ei namnesak, og gir reglar for kva for eit offentleg organ som fastset skrivemåten i dei enkelte tilfella. Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter reglane i lova og vedtaket er meldt inn til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Statens kartverk, skal alle offentlege organ bruke denne skrivemåten.
Kulturdepartementet utnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget utnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn. Stadnamntenesta skal gi rettleiing og komme med tilråding til vedtaksorganet ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. Den norske og kvenske stadnamntenesta blir administrert av Språkrådet.
Stadnamnlova trådde i kraft 1. juli 1991, og har vært revidert fleire gonger.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.