Snylterotfamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Han inneheld om lag 2060 artar fordelt på 89 slekter. Det er den største parasittiske dekkfrøa plantefamilien.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Orobanchaceae
Snylterotfamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Han inneheld om lag 2060 artar fordelt på 89 slekter. Det er den største parasittiske dekkfrøa plantefamilien.
Familien består hovudsakleg av parasittiske urter, der storparten er snylteplanter som parasitterer røtene til andre planter. Det finst både artar som har eigen fotosyntese (halvparasittar) og artar som ikkje har eigen fotosyntese (heilparasittar) i familien. Det er eit stort morfologisk mangfald innan familien.
Snylterotfamilien har ei global utbreiing, men med hovudtyngd rundt Middelhavet, i sørlege delar av Afrika, i Himalaya og vestre delar av Nord-Amerika.
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Lamiales | leppeblomordenen, leppeblomstordenen |
Familie | Orobanchaceae | snylterotfamilien |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.