Sharia er den islamske lova og regelverket for praktisering av islam. Sharia er ikkje ei spesifikk lovsamling eller ei nedskrive lovbok, men er ein mangfaldig og kompleks lærd tradisjon som har utvikla seg gjennom fleire hundreår.
Sharia blir brukt både om reglane for bønn, faste og andre rituale i islam, og for den islamske lova som vart praktisert i muslimske statar i eldre tid. Reglane har også betydning i muslimske land i dag, særleg for familielov og familieforhold. For mange muslimar står ordet for den samfunnsordenen som Gud har innstifta til menneskas velferd.
Ordet «sharia» kjem frå «veg», og var truleg knytt til ideen om «den rette vegen», som Gud hadde gitt menneska. Derfor knyttast ordet oftast til det guddommelege, og for nokre betyr ordet «rettferdig» uavhengig av dei konkrete rettsreglane.
I vanleg språkbruk deler ein gjerne sharia-reglane i to:
- Dei rituelle reglane, altså korrekt praktisering av bønn, faste, pilegrimsreisa (hajj), med vidare.
- Konkrete lovreglar for livet i det muslimske samfunnet, det vi normalt kallar «islamsk lov».
Dei to utgjer eit heile i islamsk tenking, og islamsk rettsvitskap omfattar både reglar for rituala, og for samfunnslivet allmennt.
I rettsvitskapen skil ein likevel mellom dei to områda. Rituala blir kalla «tilbeding» (ibadat), og dreier seg om forholdet mellom Gud og menneska. Dei truande følger desse reglane fordi Gud har bedt dei om det. Dei andre blir kalla «transaksjonar» (muamalat), eller forhold mellom menneske og menneske. Dei vart innretta av Gud til menneskas beste og velferd (maslaha). Berre dei siste, transaksjonsreglane, kjem opp i ein rettssal. Brot på ritual-reglane er ei sak berre mellom den truande og Gud.
Det er usemje om når og korleis sharia-reglane vart utforma. I klassisk islamsk tenking la profeten Muhammeds samtidige merke til kva han gjorde, og fortalde etterslekta om dette i «profet-tradisjonar» (hadith). Etter to til tre generasjonar begynte lærde å gjere desse tradisjonane om til systematiske lovsystem og utvikla ein rettsvitskap, fiqh. På 800-talet, altså to hundreår etter profetens død, var så lova ferdig og seinare juristar og dommarar skulle halde seg til den.
Kommentarar (2)
skreiv Edvin A.J.H
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.