Nomenfrase er i grammatikk eit setningsledd der eit substantiv eller eit pronomen er det viktigaste leddet — aleine eller med tillegg.
Her er nokre eksempel:
- eit substantiv aleine: jenta, gutane
- eit substantiv med eit determinativ føre: den jenta, desse gutane
- eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre: den vesle jenta, dei store gutane
- eit substantiv med ein preposisjonsfrase etter: jenta med flettene, guten i røyken
- eit substantiv med ei relativsetning etter: jenta som eg møtte på torget
- eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre og eit possessiv etter: den vesle jenta mi
- eit pronomen aleine: ho, han, dei, eg
- eit pronomen med ein preposisjonsfrase etter: ho med fletter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.