Den heilage Sebastians martyrium
Den heilage Sebastians martyrium av Vincenzo Foppa.

Ein martyr er ein som døyr for si eiga tru og overtyding. Martyr kan òg karakterisere nokon som meiner at dei uforskyldt. Martyr betyr «vitne» på gresk og var opphavleg eit namn på kristne som døydde for trua. Omgrepet har blitt brukt innan alle religionar som har blitt utsette for forfølgingar. Ved sida av kristendommen og jødedommen er det hovudsakleg i islam at martyrskikkelsen har ein sentral plass.

Faktaboks

Uttale
mˈartyr
Etymologi
av gresk ‘vitne’

Kristendom

I kristen tradisjon blir ordet martyr særleg brukt om dei som leid døden for trua si skuld i dei tidlege kristenforfølgingane. Desse blir òg kalla «blodvitna».

Den som blir rekna for å vere den første martyren, er Stefanus, diakon i kyrkjelyden i Jerusalem, som blir omtalt i kapittel 6 og 7 i Apostelgjerningane i Det nye testamentet. Etter at kristendommen blei statsreligion på 300-talet, blei martyrar i Vesten først og fremst å finne blant misjonærar, seinare blant grupper som kom i opposisjon til dei rådande i kyrkjelege og politiske styresmakter, til dømes valdensarar, anabaptistar og hugenottar.

I kyrkjene i Austen blei dei kristne i sassanide-riket (Iran) utsette for blodige forfølgingar på 300-talet. Seinare blei kristne på Balkan og i Midtausten utsette for tvangsomvendingar under styret til islam. Kristne som deretter sa frå seg islam, blei dømde til døden og blei med det kristne martyrar. Både i den ortodokse kyrkja og den koptiske kyrkja er martyrideologien framleis eit sentralt element.

Skildringar av døden til martyrar blir kalla martyrakter. Dei eigentlege aktene er pålitelege utskrifter av forhøyrsprotokollane, knappe og nøkterne. Dei såkalla passiones (lidingar) er episke skildringar, ofte segnaktig overdrivne. Dødsdagane til martyrane blei feira som dei sanne fødselsdagane deira, og ved gravene deira kom kyrkjelyden allereie i forfølgingstida saman til bøn og nattverd.

Islam

Det arabiske ordet shahid («trusvitne»), det vil seie den som gir livet sitt for islam si sak, er danna over same rot som shahada («truvedkjenning»), den første av dei dei fem søylene i islam. På denne måten blir det poengtert at islam er «det sanne vitnesbyrdet». Shahid fekk først betydninga martyr i tidlege korankommentarar, først og fremst i tilknyting til sure 3,163: «Anse ikke dem som ble drept for Guds sak, som døde. Nei, de er levende hos Herren og mottar av Hans gaver», og sure 47,5–7: «De som kjemper og dør for Guds sak, deres gjerninger lar Han aldri løpe ut i intet. Han vil lede dem, og gi deres tanker rett lei, og føre dem inn i paradiset som Han har gjort dem kjent med».

Hadith-litteraturen understrekar martyren sine talrike privilegium i det neste livet. Rettslitteraturen knyter shahid til doktrinen om jihad: Den som ofrar livet sitt i kamp for islam si sak, oppnår frelse og vil bli ført direkte til paradiset. Dette er utgangspunktet for den martyrideologien som blir nytta i politisk-religiøs samanheng i den muslimske verda i dag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg