Alle stavingar er opne, det vil seie at dei endar på ein vokal, til dømes Na e.ba.nde.li, Nza.mbe a.ke.la.ki Li.ko.lo mpe mo.ki.li 'I opphavet skapte Gud himmelen og jorda', der stavingsgrensene er merkte med eit punktum.
Kinshasa-varianten av lingala har dei fem vokalane /i e a o u/, som blir skrivne i e a o u. Dialekten i den nordvestlege delen av Den demokratiske republikken Kongo har dei sju vokalane /i e ɛ a ɔ u/, men til vanleg blir /e ɛ/ skrivne e og /o ɔ/ skrivne o.
Lingala har konsonantane i Tabell 1. Dei fleste konsonantane, bortsett frå /w j/, kan følgjast av ein av halvvokalane /w j/, til dømes /mwána/ mwana 'barn' og /bwánja/ bwanya 'visdom'.
Lingala er eit tonespråk, med ein høg og ein låg tone. Tonane er ikkje markerte i vanleg ortografi. Her er høg tone markert med ein akutt (´), mens den låge ikkje er markert, til dømes moto 'menneske' (med to låge tonar) mot motó 'hovud' (med ein låg og ein høg tone.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.