På norsk har infinitivsmerket å og konjunksjonen og same uttale, nemleg å – med IPA-transkripsjon [o]. På same vis er det i svensk, der både infinitivsmerket att og konjunksjonen och blir uttalte [o], bortsett frå i skriftspråksbasert uttale – og skrivemåten å for både infinitivsmerket og konjunksjonen er kjend frå byrjinga av 1600-talet. I dansk blir både infinitivsmerket at og konjunksjonen og uttalte [ʌ], også her med unnatak for skriftspråksbasert uttale.
I alle desse tre språka er det vanleg å blande saman desse to orda i skrift, ved å bruke å/att/at der regelen tilseier at det skal vere og/och/og – og omvendt. Denne samanblandinga er kjent sidan tidleg på 1500-talet.
Hovudprinsippa for fordelinga av og og å er slik ifølgje norske grammatikkar:
1. Konjunksjonen og bind saman jamstilte ledd av same slag, til dømes slik:
-
Substantiv: [Ola og Kari] tok seg ein tur.
-
Adjektiv: Han er [stor og sterk].
- To finitte verbformer: Dei [spelte og song].
- To finitte verbformer: Dei [sat og las] heile føremiddagen.
- To perfektum partisipp: Ho har [spelt og sunge] i heile dag.
- To infinitivar: Eg høyrde deg [spele og syngje].
2. Subjunksjonen å står føre ein infinitiv (eller adverb pluss infinitiv) som ikkje er jamstilt med nokon tidlegare infinitiv i setninga, til dømes slik:
-
Å spele gitar er ikkje lett.
- Eg likar å spele gitar.
- Eg skal lære å spele gitar.
- Eg prøver å lære å spele gitar.
- Eg valde å ikkje gjere det.
3. Dersom ein er i tvil, kan ein i mange tilfelle bruke «fortidsprøva». Dersom to infinitivar følgjer kvarandre med [o] mellom seg, skriv vi og dersom begge infinitivane må stå i fortid, og å dersom det berre gjeld den første:
- Ho skal spele [o] syngje. ⇨ Ho spelte og song. Difor også: Ho skal spele og syngje.
- Ho skal lære [o] syngje. ⇨ Ho lærte å syngje. Difor også: Ho skal lære å syngje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.