Fransk har eit klart skilje mellom imperfektiv og perfektiv i fortid. Imperfektiv preteritum blir i franske grammatikkar kalla imparfait:
-
Elle mangeait des fraises (quand il est venu) 'Ho åt jordbær (då han kom)'
-
Jésus mangeait du pain tous les jours 'Jesus åt brød kvar dag'
Perfektiv uttrykkjer fransk med passé composé (setning 1 nedanfor) eller (i skriftspråket) passé simple (setning 2 nedanfor):
-
Hier elle a mangé vingt fraises 'I går åt ho tjue jordbær'
-
Au commencement, Dieu créa les cieux et la terre 'I opphavet skapte Gud himmelen og jorda'
Fransk har i tillegg ein eigen progressiv-konstruksjon, être en train de 'drive og, vere i ferd med, halde på med', som riktignok ikkje er ein obligatorisk del av verbsystemet.
-
Je suis en train de parler. 'Eg held på med å snakke.'
-
J'étais en train d'écrire ma thèse quand ils sont arrivés. 'Eg var i ferd med å skrive på avhandlinga mi då dei kom'
Skiljet mellom imperfektiv og perfektiv kjem tydelegast fram i ein samanhengande tekst, her illustrert med 1. Mosebok 1,1–4, der imperfektive verbformer er merkte med ein senka i og perfektive verbformer med ein senka p. For å lette jamføringa med norsk har alle dei franske verbformene ein heva bokstav føre seg som ein finn att i den tilsvarande norske teksten:
- 1 Au commencement, Dieu acréap les cieux et la terre. 2 La terre bétaiti informe et vide: il y cavaiti des ténèbres à la surface de l'abîme, et l'esprit de Dieu se dmouvaiti au-dessus des eaux. 3 Dieu editp: Que la lumière soit! Et la lumière ffutp. 4 Dieu gvitp que la lumière hétaiti bonne; et Dieu iséparap la lumière d'avec les ténèbres.
- 1 I opphavet askapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda bvar aud og tom, mørker clåg over djupet, og Guds ande dsvevde over vatnet. 3 Då esa Gud: «Det skal bli lys!» Og det fvart lys. 4 Gud gsåg at lyset hvar godt, og Gud iskilde lyset frå mørkret.
Dei franske imperfektiv-formene beskriv vedvarande tilstandar, mens dei perfektive beskriv dei enkelte fullførte handlingane som utgjer handlingssekvensen i forteljinga. Dei imperfektive formene beskriv ofte ein «bakgrunn», eit scenebilete, mens dei perfektive formene beskriv det som skjer i «framgrunnen».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.