Immunitet er innanfor jus meir eller mindre omfattande fritagelse for rettsforfølging.
immunitet (jus)
Statsretten
Immunitet karakteriserer i statsretten at nokre personar er fritekne for strafferettsleg påtale eller sivilrettsleg søksmål.
Absolutt immunitet gjeld i Noreg for Kongen (Grunnlova § 5). Prinsar og prinsesser kan berre stillast til ansvar for Kongen eller den han peikar ut til domar over dei (Grunnlova § 37).
Medlemer av Stortinget har parlamentarisk immunitet; dei er delvis beskytta mot pågriping og varetektsfengsling når dei er i Stortinget eller er på veg til eller frå det, og dei kan ikkje stillast til ansvar for ærekrenkjande utsegner i Stortinget (Grunnlova § 66).
Folkeretten
I samsvar med folkeretten har framande statar immunitet ved utanlandske domstolar. Etter folkeretten har diplomatiske utsendingar med meir personleg immunitet (eksterritorialitetsrett). Lov om immunitet og privilegium for internasjonale organisasjonar med vidare av 19. juni 1947 tillèt at Noreg tilstår immunitet (diplomatiske rettar) òg til internasjonale organisasjonar og personar som er knytt til desse.
Etter krigsfolkeretten har lovlege stridande, for eksempel medlemer av ein stats væpna styrkar, immunitet mot straffeforfølging for lovlege krigshandlingar som er utførte i ein internasjonal væpna konflikt.
Rettshistorie
I rettshistoria blir immunitet brukt om den privilegerte stilling med fritagelse for skattar og andre offentlege byrder og med eigen jurisdiksjon, som adel og presteskap i eldre tid naut godt av.
Kommentarar (2)
skreiv Jarle Pahr
Hva menes med " gripne i offentlege brotsverk" i grunnlovens §66?
skreiv Eirik Holmøyvik
Denne formuleringa stammar frå 1814 og er kanskje litt vanskeleg å forstå i dag. Setninga må lesast i lys av det som står før kommaet, og som gir stortingsrepresentantar vern mot fengsling. Men det gjeld ikkje dersom dei vert "gripne i offentlege brotsverk". I denne samanhengen betyr det at vedkomande er pågripen av politiet i det han eller ho er i ferd med å gjere eit brotsverk, altså teken "på fersk gjerning".
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.