Gran, gjerne kalla vanleg gran, er ein art i granslekta, som er ei slekt i furufamilien, den største familien med bartre. Vanleg gran er den einaste opphavleg viltveksande grantypen i Noreg.
Faktaboks
- Etymologi
-
nordisk trenamn som truleg går på dei spisse nålene, jamfør norrønt grǫn, 'spisst skjegg', og tysk Granne 'noko som er spisst'
- Også kjend som
- rødgran, raudgran, europagran, Norway spruce (engelsk), whitewood (som trelast)
- Vitskapeleg namn
- Picea abies
- Beskriven av
- (L.) H.Karst.
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
- Global rødlistestatus
- LC – Livskraftig
Litt forenkla kan vi seia at granskogen utgjer rundt halvparten av det totale volumet av tre i Noreg, og omtrent halvparten av årleg samla tilvekst av alle treslaga våre.
Sjølv om grana har ei meir avgrensa geografisk utbreiing i Noreg enn kva furu har, er gran likevel Noregs økonomisk viktigaste treslag. Ei hovudårsak til dette er at i dei områda av landet der vi finn gran, har grana dei fleste stader svært stor og konsentrert utbreiing. Dette har også samanheng med omfattande granplanting etter hogst. Ei anna hovudårsak til at grana har så stor økonomisk betydning i Noreg, er at ho kan nyttast til svært mange ulike føremål. Gran blir nytta til konstruksjonsvirke, utvendig panel, innvendig panel, golvplank, møblar, laftetømmer, ved, husflidsprodukt og mykje meir. Kombinasjonen av dei store granressursane vi har i Noreg, kombinert med rask vekst og dei allsidige bruksområda, har difor gjeve treslaget sin viktige økonomiske posisjon i skogbruket.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.