Folkedans, blir brukt om dansar som ein hevdar er gamle og særmerkte for bestemte geografiske område. Tydinga av ordet har blitt utvida frå tid til tid og frå stad til stad.
Om norsk folkedans, sjå artikkelen folkedans i Noreg.
Folkedans, blir brukt om dansar som ein hevdar er gamle og særmerkte for bestemte geografiske område. Tydinga av ordet har blitt utvida frå tid til tid og frå stad til stad.
Om norsk folkedans, sjå artikkelen folkedans i Noreg.
Omgrepet kjem frå «folket sin dans», og frå seint på 1700-talet spreidde ordet seg som del av omgrepet folkekultur i Europa om kulturen til dei lågare klassane av befolkninga. Folket var også ei nemning for alle i eit land, for nasjonen, og eliten såg at dei lågare klassane av folket hadde halde oppe kultur som var nasjonen sin spesielle arv. Overklassen hadde sine felles-europeiske selskapsdansar, som ikkje var spesielle for nasjonen. Derfor brukte ein omgrepa folkedans og nasjonaldans om kvarandre.
Interessa for folkekulturen kom til uttrykt mellom anna gjennom nasjonalromantikken midt på 1800-talet. Ein såg på folkedansen og nasjonaldansen som noko gammalt og særmerkt, og rekna ikkje med det vanlege og moderne, sjølv om folk flest også kunne dansa det. Om du ser på kva det norske ordet folkedans blir omsett til i andre europeiske språk, er nokre ord parallelle til folkedans, andre til nasjonaldans.
Først på 1900-talet vaks ideen om å dyrka og føra vidare gamle dansar frå folket fram over det meste Europa i ulike former. Det vaks fram ei brei rørsle av nasjonale organisasjonar og meir eller mindre lokale grupper av folkedansarar. Dei nordiske landa var tidlegast ute med dette og starta alt før 1900.
Det var stor skilnad på korleis folkedansarane arbeidde i ulike land. I mange land var det pionerar som samla inn gamle dansar frå folket, skreiv dei ned i bøker til bruk for folkedansgrupper. Dei kunne også henta dansar frå andre kjelder enn folket, endra på dei gamle dansane, eller laga nye dansar til sitt bruk. Nå gleid ordet folkedans over på desse «organisasjonsdansane», som var svært ulike i tilhøve til opphavet sitt. Seinare fekk vi ord som tradisjonsdans, som skulle peika tilbake på dansane i folkekulturen i staden for på dansane i organisasjonskulturen.
Omgrepet folk dance spreidde seg, men det passa dårleg i andre verdsdelar. I Asia finn ein omgrepet brukt om scenedansformer som ved namnet sitt signaliserer inspirasjon frå noko eldre eller «nasjonalt». I Afrika finn ein omgrepet cultural dances, brukt på liknande måte som folkedans, om gamle, heimlege dansar i motsetnad til moderne dansar med utanlandsk opphav. Her skil ein ikkje mellom dansar ein brukte ved hoffa og dei ein brukte mellom folk flest. Alle er cultural dances. Ethnic dances er ein term som på eit vis har motsett synsstad, laga av folk med vestleg opphav om dansane til dei andre, dei som høyrer til etniske grupper, men det er jo etniske grupper i Vesten også. Som ein amerikansk danseforskar har påpeika er jo klassisk ballett også etnisk dans.
Etter kvart vart folkedans brukt om dansen i svært ulike dansgrupper, og om dansar av svært ulikt opphav og utan omsyn til den opphavlege tydinga av ordet. Då tok forskarar og utøvarar av dansen i miljø der dansen var ført vidare utan brot til den gamle samværsdansen, til å bruka ordet tradisjonsdans om dette trongare definerte fenomenet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.