Bantuspråk er ei afrikansk språkgruppe med rundt 300–600 språk, avhengig av korleis ein tel. Nokre store og kjende bantuspråk er swahili, ngala, kongo, luba, rwanda, rundi, ganda, kikuyu, bemba, shona, nyanja, tswana, xhosa og zulu. Ein reknar med at om lag ⅓ av alle afrikanarar snakkar eit bantuspråk, det vil seie rundt 330–340 millionar menneske.
bantuspråk
Faktaboks
- Etymologi
-
bantu kjem av urbantu *bantʊ, fleirtal av *mʊntʊ 'menneske'
- Uttale
- bˈantuspråk
Utbreiing
Bantuspråk omfattar dei alle fleste afrikanske språka som blir snakka på det afrikanske kontinentet mellom 5° nord og Kapp det gode håp. Dei nordlegaste landa med bantuspråk er Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Den demokratiske republikken Kongo, Uganda, Kenya og Somalia. Alle afrikanske land sønnanfor desse har først og fremst bantuspråk.
Sjølv om bantuspråka er utbreidde over eit stort geografisk område, utgjer dei stort sett ei homogen gruppe, bortsett frå nokre språk i det uklare overgangsområdet i Kamerun mellom bantuspråk og andre bantoide språk.
Namnet bantu
Det var den sørafrikanske språkforskaren Wilhelm H. I. Bleek (1827–1875) som gav språkgruppa namnet bantu, som på nokre bantuspråk er fleirtal av muntu 'menneske'. Tabellen viser korleis desse orda ser ut på ein del bantuspråk:
№ | språk | eintal | fleirtal |
---|---|---|---|
– | urbantu | *mʊntʊ | *bantʊ |
H14–H16 | kongo | muntu | bantu |
S42 | zulu | umuntu | abantu |
S31 | tswana | motho | batho |
C61 | mongo | bonto | banto |
P22 | mwera | mundu | ʋandu |
S10 | shona | munhu | vanhu |
E51 | gikuyu | mũndũ | andũ |
G40 | swahili | mtu | watu |
A24 | duala | moto | bato |
B85 | yansi | muur | baar |
Bokstav+tal-sekvensane i kolonnen under «№» er forklarte i avsnittet Intern klassifikasjon.
Slektskap
Bantuspråka er historisk i nær slekt med kvarandre, og høyrer til språkfamilien niger-kongospråk. Inndelinga av niger-kongospråka er omdiskutert og mykje er enno svært uklart. Dette oppsettet, som er mykje brukr, gir likevel eit inntrykk av kvar i familien bantuspråka høyrer heime:
- Niger-kongospråk
- kordofansk
- mande
- dogon
- idsjoid
-
atlantisk-kongospråk
- atlantisk
-
volta-kongospråk
- nord-volta-kongospråk
-
sør-volta-kongospråk
- kwa
-
benue-kongospråk
- vest-benue-kongospråka
-
aust-benue-kongospråk.
- platoid
-
bantoid-cross-språk
- cross-river-språk
-
bantoide språk
- nord-bantoid
-
sør-bantoid
- dsjarawan
- tivoid
- beboid
- ekoid
- grassland
- bantu.
Grensa mellom bantu og andre sørbantoide språk er uklar, fordi ein ikkje har funne nokre klare kriterium for å skilje dei frå kvarandre.
Intern klassifikasjon
Det har vist seg vanskeleg å dele bantuspråka i undergrupper, og i staden er det vanlege å bruke den inndelinga i 16 soner på eit reint geografisk grunnlag som Malcolm Guthrie innførte i 1948 (sjå litteraturlista), som vist på kartet til høgre, der kvar bokstav står for ei sone. Innanfor dette systemet har alle språka ein kode, med ein bokstav pluss eit tosifra tal. Til dømes har swahili koden G40, zulu koden S42 og subiya (sjå avsnittet Språklege særdrag) koden K42.
Språknamn
Språknamn på bantuspråk er substantiv, og har difor eit prefiks som viser kva genus dei høyrer til, i dei fleste tilfelle genuset ⅞ (tala er forklarte i avsnittet Genus nedanfor), som i urbantu hadde prefikset *kɪ-. For å lage norske namn på desse språka tar vi i dei fleste tilfelle bort prefikset, som i desse eksempla
Guthrie-kode | endonym | norsk namn |
---|---|---|
C36d | lingála | ngala / lingala |
D61 | ikinyarwanda | ruanda / rwanda |
D62 | ikirundi | rundi |
E15 | oluganda | ganda |
E51 | gĩgĩkũyũ | gikuyu / kikuyu |
G40 | kiswahili | swahili |
H14–H16 | kikongo | kongo |
K42 | cisubiya | subiya |
L30 | tshiluba | luba |
M42 | cibemba | bemba |
N30 | chinyanja / chicheŵa | nyanja / chewa |
R31 | otjiherero | herero |
S10 | chishona | shona |
S31 | setswana | tswana |
S41 | isixhosa | xhosa |
S42 | isizulu | zulu |
Språklege særdrag
Nokre særdrag ved bantuspråka er her framstilte med eksempel frå subiya (ikuhane), som blir snakka av rundt 32 000 menneske i Caprivi-stripa i Namibia og av rundt 8000 menneske i Botswana og Zambia. Subiya er beskrive av Edouard Jacottet (1896) og Rolf Theil (1983); sjå litteraturlista.
Genus
Som dei fleste andre niger-kongospråk – med mandespråka som eit unnatak – har substantiva i bantuspråka mange genus, oftast mellom 15 og 20, som viser seg gjennom kongruens med fleire andre ordklassar, mellom anna adjektiv, talord, pronomen, determinativ og verb.
Dei fleste substantiva har eit prefiks som viser kva genus dei høyrer til og om dei er eintal eller fleirtal (prefiksa er skilde ut med ein bindestrek som ikkje blir nytta i vanleg ortografi):
- mú-ntu 'menneske', fleirtal bá-ntu
- mú-lilo 'eld', fleirtal mí-lilo
- í-yi 'egg', fleirtal má-yi
- cí-gulube 'gris', fleirtal zí-gulube
- ká-sulwe 'hare, kanin', fleirtal tú-sulwe
Adjektiv og talord kongruerer med substantiv med omsyn til genus, som i desse døma, med adjektiva -kando 'stor' og -níni 'liten' og talorda -mwina 'éin' og -óbele 'to':
- ci-gulube cí-kando cí-mwina 'éin stor gris'
- tú-sulwe tú-níni t-óbele 'to små harar/kaninar'
Det er i stor grad tydinga til substantivet som avgjer kva genus det høyrer til. Substantiv som viser til menneske, høyrer i hovudsak heime i genuset med eintalsprefikset mu- og fleirtalsprefikset ba-.
I tradisjonell bantuforsking har dei ulike genus/tal-prefiksa eigne nummer, til dømes er prefiksa mu- i mú-ntu 'menneske' og ba- i bá-ntu nummera 1 og 2. Kvart nummer står for det som blir kalla ein nominalklasse, slik at genuset for menneske (½) har nominalklasseprefiks nummer 1 og 2. Her er eit oversyn over klassane, med uttalen på urbantu, subiya og swahili:
№ | urbantu | subiya | swahili | № | urbantu | subiya | swahili |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | *mʊ- | mu- | m- / mw- / mu- | 11 | *lʊ- | lu- | u- / w- |
2 | *ba- | ba- | wa- | 12 | *ka- | ka- | finst ikkje |
3 | *mʊ- | mu- | m- / mw- / mu- | 13 | *tʊ- | tu- | finst ikkje |
4 | *mɪ | mi- | mi- | 14 | *bʊ- | bu- | finst ikkje |
5 | *i- | i- / li- | ji- / – | 15 | *kʊ- | ku- | ku- |
6 | *ma- | ma- | ma- | 16 | *pa- | ha- | pa- |
7 | *kɪ- | ci- | ki- / ch- | 17 | *kʊ- | ku- | ku- |
8 | *bi- | zi- | vi- | 18 | *mʊ- | mu- | m- / mw- / mu- |
9 | *N- | iN- | n- / ny- / – | 19 | *pi- | finst ikkje | finst ikkje |
10 | *N- | iN- | n- / ny- / – |
Den store bokstaven N står for ein nasal som har same artikulasjonsstad som følgjande konsonant.
Vanlege genus er 1/2, 3/4, 5/6, 7/8, 9/10, 12/13, der talet føre skråstreken står for ein eintalsklasse og talet etter for ein fleirtalsklasse. Infintiv høyrer heime i klasse 15. Klassane 16–19 er såkalla lokativklassar.
Verb
Verbet har fleire prefiks, som uttrykkjer subjekt, objekt, tempus og modus, som i dette eksempelet:
- bá-ba-mú-h-i ínkuku 'dei gav han høna'
Ordet kan analyserast slik:
- bá- 'dei (om menneske) (klasse 2)' uttrykkjer subjektet.
- ba- uttrykkjer preteritum, perfektiv
- mú- 'henne/han (om menneske) (klasse 1)' uttrykkjer det indirekte objektet
- -h- er stamma, som tyder 'gi'
- -i er eit suffiks med fleire tydingar
Det direkte objektet kan òg uttrykkjast med eit prefiks, som yí- i dette ordet, som tyder 'ho/han/det' (klasse 9), ofte om dyr, som ínkuku 'høne':
- bá-ba-yí-mu-h-i 'dei gav han henne'
Infinitiv har prefikset ku- (klasse 15), som i kú-bon-a 'sjå'. Når stamma tek til med ein vokal, har prefikset forma kw-, som i kw-îhaay-a 'drepe'.
Det finst fleire verbale avleiingssuffiks, som aukar eller minskar valensen, som applikativ -il/-el og passiv -(i)w-:
- ku-wul-a 'kjøpe' ⇨ ku-wul-íl-a 'kjøpe for'
- kw-îhaay-a 'drepe' ⇨ kw-ihááy-iw-a 'bli drepen'
Fonologi
I dei fleste bantuspråk er alle stavingar opne, det vil seie at dei endar på ei vokal. Dette kan illustrerast med nokre ord frå subiya, der eit punktum viser grensa mellom stavingane i ein IPA-transkripsjon:
- íyanza [í.ja.nza] 'hand'
- ítende [í.te.nde] 'fot'
- ípombwe [í.po.mbwe] 'bavian'
- múlyango [mú.rja.ŋɡo] 'dør'
Som desse eksempla viser, finst det nokre konsonantgrupper fremst i stavingar, primært inne i ord, men [nz], [nd], [mb], [ŋɡ] bør truleg analyserast som enkeltkonsonantar. Det som her blir skrive l, varierer i uttale mellom [l] og [r].
Som dei fleste andre språka sønnanfor Sahara er bantuspråka tonespråk, med nokre få unnatak, som swahili. Subiya har ein høg tone og ein låg tone. Den høge tonen (H) er her merkt med ein akutt aksent (´), medan den låge tonen (L) ikkje er merkt:
- kúnywa 'drikke'
Den høge og den låge tonen kan kombinerast på éi staving, slik at vi får fallande tone (H+L) og stigande tone (L+H). Den fallande tonen er her merkt med cirkumfleks (^) og den stigande med hake (ˇ):
- nywě 'drikk!'
- kwîhaaya 'drepe'
Forskingshistorie
Den sørafrikanske språkforskaren Wilhelm H. I. Bleek (1827–1875) blir rekna som grunnleggjaren av det komparative studiet av bantuspråka. I boka The languages of Mozambique (1856) identifiserte han ikkje berre bantuspråka som ei gruppe, men også slektskapen deira med andre språk i den familien som vi no kallar niger-kongospråk, medrekna kordofansk. Hovudverket hans er Comparative grammar of South African languages 1–2 (1862–1869). Det var Bleek som innførte den nummereringa av nominalklassane som framleis er i bruk.
I 1899 gav den tyske språkforskaren Carl Meinhof (1857–1944) ut boka Grundriss einer Lautlehre der Bantusprachen, som fekk det historisk-komparative studiet av bantuspråka opp på eit fagleg nivå som kan jamførast med studiet av indoeuropeiske språk. Meinhof presenterte her ein rekonstruksjon av urbantu, det grunnspråket som alle bantuspråk stammar frå. Sju år seinare gav han ut Grundzüge einer vergleichenden Grammatik der Bantusprachen (1906).
Med nokre mindre justeringar blir urbantu-rekonstruksjonane til Meinhof framleis rekna som gyldige, og dei blei i hovudsak stadfesta av dei omfattande studia til den britiske språkforskaren Malcolm Guthrie (1903–1972), som gav ut det store verket Comparative Bantu 1–4 (1967–1971). Guthrie innførte som tidlegare nemnt den geografiske klassifikasjonen av bantuspråka i 16 soner i boka The classification of the Bantu languages ( 1948).
Belgiaren Achille Emile Meeussen (1912–1978) gav i ei rekkje publikasjonar viktige bidrag til det historisk-komparative studiet av bantuspråka, og viktigast er artikkelen «Bantu grammatical reconstructions» (1967) og boka Bantu lexical reconstructions (1969).
Viktig og nyttig for studiet av bantuspråka er The Bantu Languages, eit verk på 708 sider som britisk-kanadiske Derek Nurse og franske Gérard Philippson gav ut i 2003, med artiklar om mellom anna fonologiske, morfologiske og syntaktiske aspekt ved bantuspråka, i tillegg til 17 kapittel om ulike bantuspråk og -språkgrupper.
Les meir i Store norske leksikon
Litteraturliste
- Achille Emile Meeussen. Bantu grammatical reconstructions. Africana Linguistica 3: 80–122.
- Achille Emile Meeussen. Bantu lexical reconstructions. Tervuren 1969.
- Carl Meinhof. Grundriss einer Lautlehre der Bantusprachen. Berlin 1899. Revidert utgåve 1910.
- Carl Meinhof. Grundzüge einer vergleichenden Grammatik der Bantusprachen. Berlin 1906. Revidert utgåve 1948.
- Derek Nurse and Gérard Philippson (eds.). The Bantu languages. London / New York 2003.
- Edouard Jacottet. Grammaires soubiya et louyi. Études sur les langues du Haut-Zambèze. Première partie. Paris 1896.
- Malcolm Guthrie. The classification of the Bantu languages. London 1948. Reprint 1967.
- Malcolm Guthrie. Comparative Bantu 1–4. Farnborough 1967–1971.
- Rolf Theil (Endresen). Towards a grammar of Subiya. (For Namibiaforeningen på Elverum.) Nittedal 1983.
- Wilhelm H. I. Bleek. The languages of Mozambique. London 1856.
- Wilhelm H. I. Bleek. Comparative grammar of South African languages 1–2. Cape Town / London 1862–1869.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.