Banning er ord og uttrykk som er meir eller mindre tabubelagde, og som blir brukt for å uttrykkje sterke kjensler og haldningar. Det kan vere vanskeleg å bestemme nøyaktig kva ord som skal reknast som banning. Tidlegare hadde dei fleste norske banneorda religiøst opphav, men i nyare tid har banneord knytt til seksualitet eller kroppsfunksjonar vorte meir vanlege.
banning
Etymologi
Banning og synonymet bannskap, som er mest brukt i Nord-Noreg, er avleidd av verbet å banne, norrønt banna. I norrønt tydde dette 'forby', 'forhindre' eller 'forbanne', og altså ikkje 'nytte bannord', slik det gjer i dag. Det norrøne verbet er i sin tur laga til bann 'forbod', 'utestenging', som i 'lyse i bann'. Å forbanne er sjølvsagt ein nær slektning, men dette ordet er innlånt frå lågtysk. Det er truleg etymologisk slektskap også med bøn, men den nøyaktige samanhengen er uklar. I somme målføre kan å leggje på ei bøn tyde å banne, og bannskapsbøn kan bli brukt om ei ramse med bannord.
Korleis fungerer banning?
Banning kan vere retta mot ein sjølv eller ein situasjon (tilsvarer ekspressiv språkfunksjon) eller mot andre menneske for å nedvurdere, truge, sende negative signal eller liknande (tilsvarer appellativ språkfunksjon).
Banning kan delast inn i fire grupper etter bruken:
- Utropsord. Dette er dei klaraste døma på banning, i norsk spesielt dei klassiske religiøse utropa som fy faen og helvete. Desse kan brukast for å uttrykkje sterke kjensler, men er ikkje retta mot ein spesiell person.
- Skjellsord som din jævel og din drit. Desse blir kjenneteikna ved at dei nettopp er retta mot ein spesiell person.
- Uvennlege oppmodingar som dra til helvete og kyss meg i ræva. Desse blir òg vanlegvis brukte overfor ein bestemd person, til liks med skjellsorda under punkt 2.
- Del av ei ytring, slik som orda jævlig i ytringa Ho er jævlig smart.
Kvifor bannar vi?
Vi kan skilje mellom psykologiske og sosiale motiv for å banne, eller som det også kan uttrykkast: aggresjonsbanning og sosial banning.
Aggresjonsbanninga skjer for å få utløp for emosjonell energi og er uttrykk for kjensler eller indre tilstandar. Kjenslene kan spenne over eit ganske breitt spekter:
- Sinne (dette finn eg meg faen ikkje i!)
- Irritasjon/frustrasjon/avmakt (nei helvete, dette går ikkje!)
- Smerte (både fysisk og psykisk) (dette var jævlig vondt!)
- Redsel (faen, no kolliderer vi!)
- Avsky/nedvurdering (din helvetes idiot!)
- Nekting (avvising av dumme forslag, noko ein absolutt ikkje trur på) (nei, så pokker heller!)
- Overrasking (å faen, seier du det?)
Den siste, altså overrasking, er den einaste kjensla som kan vere positiv i samband med banning. Men det finst nok også døme på at banning kan uttrykkje rein glede. Forsking viser at banning kan redusere stress og føre til at ein toler meir smerte.
Sosiale motiv for å banne kan vere
- for å tøffe seg
- for å sjokkere
- for å markere gruppeidentitet
- for å syne venskap
- for å senke formalitetsgraden i samtalen
Banning som markering av gruppeidentitet kan oppstå når ei gruppe utviklar identiske bannevanar. Det syner seg at den sosiale banninga i ei gruppe aukar når stemninga blir meir avslappa, men forsvinn heilt når ein ikkje-medlem er til stades. Både gruppebanning og individuell banning kan utvikle seg til maner eller uvane. Bannorda blir då rett og slett ein dominerande del av talen, og ikkje retta mot noko eller nokon. Då blir dei gjerne heller ikkje emfatiske (trykksterke).
Når nære vener bannar seg imellom, viser dei at dei kjenner kvarandre så godt at dei ikkje blir støytte bannorda til kvarandre. Å flette inn eit bannord i samtalen kan markere at ein blir mindre formell.
Ein type banning fungerer som forsterka lovnad (eg skal faen meg gjere det!). Denne (falske) påkallinga har opphav i å sverje eid.
Banning i eit historisk perspektiv
Banninga i Skandinavia har i fleire hundreår handla om religiøse, kristne tema, sjølv om det òg finst døme på banning frå førkristen tid. Den kristne banninga reflekterer ein dualistisk tradisjon der det er tydelege kontrastar mellom det gode og det vondet, og i norsk finn ein både himmelske banneord som herregud og diabolske banneord som satan.
Dei himmelske uttrykka fekk opphavleg status som banning gjennom koplinga til det bibelske bodet om at ein ikkje skal misbruke Guds namn, noko som vart vektlagt i protestantismen. Dei diabolske uttrykka fekk status som banning gjennom koplinga til forbanning og det vonde, som dra til helvete.
Med tida har sekulariseringa bidrege til at den kristne banninga i skandinavisk har vorte oppfatta mindre bokstaveleg og er gått over til å fungere meir forsterkande. Dette gjeld særleg for dei himmelske banneordene, som langt på veg har mista si kraft som banneord. Dei diabolske banneordene blir òg oppfatta som mindre tabubelagt enn før, men desse har likevel framleis ei relativt sterk stilling i skandinaviske språk.
Når det gjeld religiøs banning i skandinavisk, er ein nyare tendens at det har komme til religiøse banneord frå andre språk og religionar, slik som uttrykte wolla «eg sver ved Allah» frå arabisk. Ein annan tendens er at banneord frå ulike religionar blir saman blanda, som i Gud Allah.
Banning i nyare tid
I nyare tid har den religiøse banninga særleg fått konkurranse frå banning knytt til temaområda seksualitet og kroppsfunksjonar, som fuck og shit. Med andre ord: Banneord frå underlivet overtek i større grad for banneord frå det religiøse livet.
Fleire av desse banneordene har komme til via innverknad frå anglo-amerikansk kultur, der ein har sett ein overgang frå religiøs til seksuell banning langt tidlegare enn i Skandinavia. I norsk blir dei engelske lånorda brukte både i engelsk form, som i fuck, motherfucker og shit, og som oversettingslån, som morrapuler, omsett frå motherfucker.
Døma ovanfor viser korleis det såkalla «mammamotivet» har komme til i skandindavisk banning. Mammamotivet viser til banning der ein fornærmar ein annan ved å seie noko nedsetjande om vedkommandes mor. Det kan vere seksuelle fornærmingar, som i mor di er ei hore, hint om incest, som i uttrykket morraknuller/motherfucker, eller skildringar av ein annens mor som stygg, feit eller dum, som i mor di er så feit at ho ser ut som ein pakke med pølser i nakken.
Sjølve mammamotivet er for så vidt ikkje nytt i skandinavisk banning; skjellsord som horesøn, sjøkeson og horeunge vart brukt i Noreg allereie på 1300–1500-talet. Den nyare bruken av mammamotivet er likevel annleis. Ikkje berre er orda ulike frå dei gamle, banninga har òg kommen til gjennom ein annan type påverknad. Den nye bruken av mammamotivet i Noreg ser ut til å ha oppstått i multietniske miljø i Oslo, noko som tyder på at påverknaden har komme frå kulturar der mammamotivet er meir vanleg. I tillegg speler angloamerikansk innverknad ei rolle, til dømes blir ordet brukt motherfucker no i norsk.
Samanfatta kan ein seie at utviklinga i norsk banning i nyare tid dreier seg om sekularisering, seksualisering og globalisering. Det er likevel viktig å understreke at utviklinga går langsamt. Når det gjeld slang, snakkar ein gjerne om at omløpsfarten er stor, men dette gjeld ikkje for banning. Det tek lang tid å byggje tabu rundt eit ord; det er omtrent som byggje ei merkevare. Det byrjar allereie i barndommen med at vaksengenerasjonen lærer barn kva som er banning i morsmålet. Dette er ein viktig grunn til at kristne banneord framleis har status som banning i norsk, sjølv om krafta altså er svekt i forhold til tidlegare.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Andersson, Lars-Gunnar & Peter Trudgill: Bad language. 1990, London: Penguin.
- Beers-Fägersteen, Kristy: “The use of English swearwords in Swedish media”, 2014, i: M. Rathje (red.), Swearing in the Nordic countries. Sprognævnets konferenceserie 2, s. 63-81.
- Drange, Eli-Marie, Ingrid Kristine Hasund & Anna-Brita Stenström: “‘Your mum!’ Teenagers’ swearing by mother in English, Spanish and Norwegian”, 2014, International Journal of Corpus Linguistics 19: 29–59.
- Fjeld, Ruth Vatvedt: «Om banning og sverting.», 2002, Maal og Minne 2: s. 152-166.
- Fjeld, Ruth Vatvedt: “The vocabulary of Norwegian cursing and swearing”, 2014, i: M. Rathje (red.), Swearing in the Nordic countries. Sprognævnets konferenceserie 2, s. 199-215.
- Hasund, Ingrid Kristine: Fy farao! Om nestenbanning og andre kraftuttrykk. 2005, Oslo: Cappelen.
- Hasund, Ingrid Kristine & Repstad, Pål: «Kristelig “banning”», 2005, i: Repstad, Pål & Henriksen, Jan-Olav. (red.), Mykere kristendom. Sørlandsreligion i endring, s. 205-208.
- Jay, Timothy: Cursing in America, 1992
- Ljung, Magnus: Svordomsboken: om svärande och svordomar på svenska, engelska och 23 andra språk, 2006, isbn 9789172274426
- Opsahl, Toril: “Wolla I swear this is typical for the conversational style of adolescents in multiethnic areas in Oslo.” 2009, Nordic Journal of Linguistics 32: 221–244.
- Solberg, Olav: Forteljingar om drap. Kriminalhistoriar frå seinmellomalderen, 2003.
- Sundnes, Anita E. Carson: Kamp om ordet. En fortolkende studie av seksuelle skjellsord blant ungdom. Masteroppgave, 2003, Oslo: Universitetet i Oslo.
- Østby, Andreas E: Kebabnorsk ordbok. 2005, Oslo: Gyldendal.
- Aasheim, Stine C.: “‘Kebab-norsk’. Fremmedspråklig påvirkning på ungdomsspråket i Oslo.” 1997, i: Ulla-Brit Kotsinas, Anna-Brita Stenström & Anna-Malin Karlsson (red.), Ungdomsspråk i Norden. Föredrag från ett forskarsymposium, 235–242. Stockholm: Stockholms universitet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.